Ingen premie for å bruke beitemarkaNoreg har naturgjevne føresetnader for å produsere lammekjøt på beiteressursar. Likevel får lamma fôr med importerte råvarer – også når det er kjøtoverskot.
SIRDAL: Noreg har naturgjevne føresetnader for å produsere lammekjøt på beiteressursar. Likevel får lamma fôr med importerte råvarer – også når det er kjøtoverskot.
Sauebonde Arne Tjørholm frå Sirdal har vore i heia og henta ned sauene frå sommarbeite. Han er budd på å måtte fôre opp nokre av lamma ekstra.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Den tørre sommaren har gjort at mange bønder på Sør-, Aust- og Vestlandet har fått for lite grasfôr til vinteren. Somme av dei må slakte fleire dyr enn planlagt for å ha færre å fø på.
Sauenæringa har dei to siste åra produsert meir kjøt enn folk kjøper, og sat i slutten av august med eit overskot på 1231 tonn sauekjøt og 123 tonn lammekjøt. For å hindre at kjøtlagera skal fyllast opp endå meir etter tørken, er det bestemt at inntil 1000 tonn av sauen som vert slakta utover hausten, kan brukast som pelsdyrfôr.
Trass i det store overskotet vert fleire av lamma som no vert henta heim frå fjell- og utmarksbeite, sette innandørs eller på innmarksbeite for å fôrast opp meir før dei skal slaktast. Det stadfestar sauebønder som førre veke henta heim sauer og lam frå fjellområda i Sirdal og Setesdal.
Manglar nokre kilo
95 prosent av landarealet i Noreg er utmark, og nær halvparten av utmarka er eigna som husdyrbeite, ifølgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). I fjellområda mellom Sirdal og Setesdal har sauebønder i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder over hundre års tradisjon for å nytte den fornybare ressursen denne utmarka er, til fellesbeite. Årleg beitar opp mot 40.000 sauer og lam i dette området.
Heiesjef Karl Martin Matningsdal har hatt ansvaret for rundt 5000 av desse gjennom sommaren, og han leidde sankelaget som førre veke samla og førte flokken ned frå heia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.