Ingen offside på Vargs heimebaneDet endar nok med at RBK slenger fram godfoten. Og at jævla Ålesund rykker opp.

Det endar nok med at RBK slenger fram godfoten. Og at jævla Ålesund rykker opp.

Michael Ellingsen (John Carew) og Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) diskuterer i Varg-garderoben.
Michael Ellingsen (John Carew) og Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) diskuterer i Varg-garderoben.Michael Ellingsen (John Carew) og Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) diskuterer i Varg-garderoben.
Publisert

Varg har spela sin siste kamp for sesongen. Då Helena Mikkelsen trekte seg som trenar etter uavgjort mot Rosenborg på heimebane, trudde hovudsponsor Tangsrud at han var kvitt det hersens trønderske kvinnfolket. Men etter at sigersmålet blei ukorrekt annullert for offside, vende dei trulause supporterane om og ville ikkje at nokon kødda med «dama vår». Ho kom tilbake og fullførte eliteunderet mot Molde i siste kamp fordi Varg ville det mest.

I HEIMEBANE kjenner dei seg att, alle som har vore innom fotballens forunderlege verd – som spelar, sponsor eller supporter, som publikum eller pølseseljar. Alle som drøymer nostalgisk om Drillos. Alle med lidenskap for eit favorittlag som skjøner at det var grovare enn 36,9 at Thorbjørn Jagland, som medlem i Godsetunionen, stilte med RBK-skjerf på Lerkendal.

Men det er meir fascinerande og steikje bra at dei også kjenner eg att i fiksjonen, dei som foraktar fotballgalskap, fryktar fotballklanar og aldri kunne tenka seg å prøva å forstå offsideregelen. Dei er til gjengjeld svært opne for konspirasjonsteoriar om kva som går føre seg på bakromma: Dei som grøsser av normal garderobeprat og at ein macho trenarkollega av Ane Dahl Torp grabbed her by the pussy.

VERTINNA bryr seg ikkje om råskapen og reglane i fotball, men ho er patriot. Når gjestelaget budde hos henne, prøvde ho å overfôra dei med mat og drikke, slik at dei kom tunge og daffe til kamp. Ho hadde heller ikkje noko mot at rånarane heldt leven på allmenningen utanfor, slik at det blei dårleg med svevn.

I Ulsteinvik, der Heimebane er spela inn, var Hødd store i Kjetil Hasunds tid (646 kamper og 460 mål), men dei har hamla opp med større og dyrare kjøpelag sidan òg. Før tunnelane kom, såg dei det som ein føremon at sjøen gjekk så tung at gjestelaget spydde på ferja til Hareid. Nå er dyvåt bane eit sikkert våpen.

VERFTSEIGAR TANGSRUD er sunnmørsk patriot, men har ikkje noko mot innleigd arbeidskraft på rimelege vilkår. Og festcountryen til Vassendgutane har bana veg, på vilkår, for dei som er «kølande svarte»:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement