– Ingen hinder

Det er underleg at politikarane vegrar seg for ei ny folkerøysting, meiner Tor Bjørklund.

Publisert

– Det er ingen formelle hinder for å ta EU-spørsmålet opp til ny folkerøysting. Truleg er det frykt for opprørsstemning som har halde att politikarane, seier Tor Bjørklund, professor emeritus i statsvitskap ved UiO og forfattar av boka Hundre år med folkeavstemninger.

Bjørklund peikar på at det ikkje er uvanleg å halde nye folkerøystingar om same spørsmål etter ei tid.

– Om utfallet går politikarane imot, held dei gjerne ei ny røysting to-tre år etterpå. Da danske veljarar sa nei til Maastricht-avtalen i 1992, venta regjeringa berre eit år før neste folkerøysting. No har det gått snart tre år sidan britane sa nei til EU-medlemskap. Det undrar meg at så mange britar blir opprørte over tanken på ei ny røysting, når det har vore så mykje trøbbel og det berre var eit lite fleirtal for brexit i 2016.

– Men for mange står folkerøystingar svært sterkt som eit uttrykk for folkeviljen?

– Ja, og dei som er for lausriving, vil bli svært opprørte om det blir ny røysting. Men kva er folkeviljen? Det er summen av det folk meiner på eit gjeve tidspunkt. Å meine at resultatet må frysast, med konsekvensar mange år framover – det er metafysikk, seier Bjørklund.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement