Klima

Ingen grunn til entusiasme

– Eg er redd vi sit att med same tristesse etter Glasgow-møtet som etter alle dei andre forhandlingsrundane, seier klimaveteran Knut H. Alfsen.

Forlatne bilar under vatn i Erftstadt i Tyskland 17. juli. Flaumane i Europa i sommar førte til enorme skadar.
Forlatne bilar under vatn i Erftstadt i Tyskland 17. juli. Flaumane i Europa i sommar førte til enorme skadar.
Publisert

I helga byrjar ein ny runde med internasjonale klimaforhandlingar i Glasgow – den 26. i rekkja. Knut H. Alfsen er utdanna fysikar, klimaforskar og tidlegare direktør for Cicero Senter for klimaforsking. I dag er han arbeidande pensjonist. Og pessimist.

– Du har sett klimaforhandlingar kome og gå i snart 30 år. Kva ventar du deg av forhandlingane i Glasgow?

– Veldig lite. Etter 25 forhandlingsrundar har vi ikkje kome så mykje lenger. Parisavtalen frå 2015 er ankerfestet no, med målet om å halde den globale oppvarminga godt under to gradar. Men dei utsleppskutta statane har forplikta seg til førebels, er langt frå det som skal til for å nå måla i Paris, seier Alfsen.

Eit uhyre

I Glasgow skal statane leggje fram nye og skjerpa mål om vidare utsleppsreduksjonar i åra framover. Men erfaring viser at det slett ikkje er gjeve at lovnadene blir haldne på dette feltet.

– Parisavtalen har ikkje noko ris bak spegelen om statane ikkje held det dei lovar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement