Inga tru på reformforslag

Pernille Huseby i rusorganisasjonen Actis har vanskar med å sjå at forslaget frå rusreformutvalet løyser noko som helst. Tvert om kan det gjere vondt verre for unge, meiner ho.

Rusreformutvalet har tilrådd at bruk og oppbevaring av mindre dosar ulovlege narkotiske stoff til eige forbruk ikkje lenger skal straffast.
Rusreformutvalet har tilrådd at bruk og oppbevaring av mindre dosar ulovlege narkotiske stoff til eige forbruk ikkje lenger skal straffast.

Rusreformutvalet har tilrådd å avkriminalisere narkotiske stoff. Det skal framleis vere ulovleg å bruke, kjøpe og selje narkotika, men bruk og oppbevaring av mindre dosar til eige forbruk skal ikkje lenger straffast, dersom utvalet får det som det vil.

Pernille Huseby, som er generalsekretær i rusorganisasjonen Actis, meiner rusreforma sviktar dei unge.

– I dag har vi låg bruk av narkotika hjå ungdom. Det risikerer vi å setje på spel med dette forslaget, har ho sagt til NRK.

– Finst det belegg for å seie at det er faren for straff som hindrar unge i å nytte rus i dag?

– Nei, men Noreg er eit av landa i Europa som har lågast bruk av rusmiddel blant ungdom, og det fortel oss at vi gjer ein del rett i dag. Basert på det vi høyrer frå ungdom, har det noko å seie at brot på forbodet får følgjer. Slik det er i dag, får ikkje unge prikk på rullebladet dersom dei til dømes vel å inngå ein ruskontrakt. Mange oppgjev slike kontraktar som ein god grunn til å seie nei i ein situasjon der ein opplever press om å nytte rus. Det trengst ei reform som hjelper dei tunge narkomane og gjer vegen inn i behandling betre for dei, men utvalet har løyst oppgåva ved samstundes å gjere det vanskelegare å nå inn til unge med hjelp i ein fase der dei sjølve kanskje ikkje innser at dei treng hjelp. Utvalet føreslår at dei som vert tekne med narkotika, må møte for ein ruskonsulent i kommunen, men det skal ikkje få konsekvensar om dei vel å ikkje møte.

– Er de imot avkriminalisering for ungdom?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement