Utanriks

Inga takk å få for kurdarane

Kurdarane i Syria ofra tusenvis av liv i kampen mot IS. No er dei under åtak frå regjeringshæren, og ingen vil hjelpe dei.

Gravferd i Qamishli for soldatar i SDF som vart drepne av den syriske regjeringshæren. 170.000 menneske skal vere drivne på flukt.
Publisert Sist oppdatert

For nøyaktig elleve år sidan kom vendepunktet i krigen mot den brutale islamistrørsla kalla Den islamske staten. 27. januar 2015, etter månader med harde kampar, klarte kurdiske styrkar å drive IS-krigarane ut av byen Kobani, med støtte frå amerikanske kampfly. The Economist kalla slaget om Kobani «det kurdiske Stalingrad». Motet og offerviljen til dei syriske kurdarane i krigen sikra dei heltestatus i Vesten for ei tid, som eit framskote forsvar mot terrortrusselen frå IS.

Denne veka har Kobani igjen vore kringsett av fiendar. Men no kjem åtaket frå styrkane til den nye regjeringa i Damaskus, og ingen løftar ein finger for å hjelpe kurdarane militært. USA og Europa treng dei ikkje lenger. Kring 170.000 menneske skal vere fordrivne av kampane nord i Syria, ifølge FN.

Årsakene til konflikten mellom kurdarane og den syriske regjeringa kjem vi attende til. Men først tek vi forhistoria.

Svik

– Det er ikkje første gongen kurdarane blir svikta av stormaktene, seier Robert Mood. Han er tidlegare generalinspektør for Hæren og har hatt fleire FN-oppdrag i Syria, mellom anna som leiar for observatørkorpset UNSMIS i ein tidleg fase av den syriske borgarkrigen.

Mood viser til at kurdarane har kome dårleg ut gong på gong sidan britane og franskmennene delte opp Midtausten etter første verdskrigen og det kurdiske folket enda opp utan ein stat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement