Essay
Illusjonen om eit nytt Midtausten
Krig med Iran vil ikkje omforme regionen slik USA ønsker, skriv statsvitar Dalia Dassa Kaye.
Ei kvinne i Teheran med eit bilete av den nye øvste leiaren Mojtaba Khamenei, son av ayatolla Ali Khameinei, som vart drepen på første dag av det amerikansk-israelske åtaket på Iran.
Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB
Ivrig etter å vise at han kan gjere noko ingen amerikansk leiar har gjort før, har president Donald Trump valt konflikt framfor diplomati og gått til krig mot Iran. For den islamske republikken handlar denne kampen om å overleve, og Iran svara raskt med dødelege rakett- og droneåtak mot Israel, amerikanske basar i Midtausten og mål i golfstatane og andre stader.
Dette er no ein regional krig med globale konsekvensar, som forstyrrar olje- og finansmarknader, forsyningskjeder, skipsfart og flytrafikk. Truslar mot amerikanarar og dødstala i Iran aukar for kvar time. Desse veksande farane var føreseielege lenge før krigen tok til, noko som kan forklare kvifor ingen tidlegare president førte USA inn på denne farlege vegen.
Urealistisk
Korleis denne krigen vil ende, er framleis uvisst. Men når han ein gong tek slutt, må USA møte spørsmålet om kva som kjem etterpå. I den grad Trump-regjeringa har tenkt gjennom planar for «dagen etter», verkar det som ho har lagt til grunn ei rekke altfor optimistiske føresetnader om korleis krigen kan omforme Iran og Midtausten. Til dømes har regjeringa insistert – mellom anna i Trumps innlegg på sosiale medium då han kunngjorde krigen 28. februar – på at ei brutal svekking av den iranske leiarskapen og dei militære kapasitetane skulle gjere regimet så svakt at det iranske folket kunne reise seg og «ta over styringa». Sjølv om det ikkje skulle skje, hevda Trump-regjeringa at Iran kom til å bli så militært svekt og så oppteke av interne problem at landet ikkje lenger kan utgjere ein trussel mot regionen eller amerikanske interesser. Å ta det noverande iranske regimet ut av reknestykket ville fjerne ei av dei største kjeldene til regional ustabilitet og opne for eit nytt Midtausten meir i samsvar med det USA ønsker, meiner Washington.
Men utfallet av denne krigen blir truleg noko langt dårlegare enn desse rosenraude forventningane. Når bombingane tek slutt, kan Iran og regionen sjå verre ut – eller i det minste ikkje betre – enn før krigen. Krigen kan skape eit maktvakuum i Teheran, gjere amerikanske allierte meir skeptiske til samarbeidet med Washington og få ringverknader for konfliktar andre stader i verda, utan å fjerne dei kjeldene til regional strid som ikkje har noko med regimet i Iran å gjere. Risikoen aukar jo lenger krigen varer, så Kongressen og USAs allierte må presse på for våpenkvile no dersom det skal vere noko håp om å dempe farane som kjem i etterkant.
Same gamle historia
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.