Ikkje studert i NoregDet er fleire grunnar til at dei svenske tiaminstudiane kan ha interesse for norske naturforskarar.

Det er fleire grunnar til at dei svenske tiaminstudiane kan ha interesse for norske naturforskarar.

Publisert

Også i Noreg har mange sjøfuglbestandar gått sterkt attende dei siste åra, inkludert ein del lokale ærfuglbestandar. Og også mange stader langs norskekysten har blåskjela forsvunne dei siste åra. Mykje av kystvatnet på norsk side av Skagerrak har dessutan opphav i Austersjøen, der dei svenske funna er gjorde. Dette gjer det tenkjeleg at fenomenet òg kan oppstå langs norskekysten.

Men til no har ingen forska på mogleg tiaminmangel i naturen i Noreg. Det er det på tide å gjere noko med, meiner Arne Follestad. Han er forskar ved Norsk institutt for naturforsking og har arbeidd mykje med ærfugl, mellom anna på Vega i Nordland.

– Vi ser at mange sjøfuglartar slit også i Noreg, og vi forstår ikkje alltid årsakene til nedgangen fullt ut. Eg synest vi bør følgje opp dei svenske studiane og sjå om tiaminmangelen kan spele inn på sjøfuglane i Noreg òg, seier Follestad.

– Om desse funna berre var gjorde i Austersjøen, kunne ein ha tenkt at det var eit lokalt miljøproblem. Men når forskarane har funne det same fenomenet på Island òg, kan det liggje ei meir universell årsak bak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement