Ikkje skuld på klimaendringane

FNs klimapanel finn ingen prov for auka syklonaktivitet på grunn av menneskeskapte klimaendringar. Likevel hevdar svært mange at FN gjer nettopp det.

Publisert Sist oppdatert

Supertyfonen Haiyan herja massivt over store område av Filippinane i byrjinga av førre månad. Ein del kan tyda på at syklonen var den kraftigaste som har råka noko tett folkesett område på rundt hundre år. Minst 4000 menneske skal vera døde og meir enn 12.000 skadde.

Dette er gale, frykteleg gale, og det verste er at det ser ut til å vera vi i Vesten som har løyst ut kata-strofen, i det minste om ein skal tru på norske medium og norske politikarar. For som så ofte før vert skulda lagd på dei menneskeskapte klimaendringane. Vi slepper ut altfor, altfor mykje CO2, og som ein av dei store produsentane i verda av petroleum ber vi visst eit ekstra tungt ansvar. «Det er full dekning for å si at norsk oljepolitikk og en norsk velferd som primært baserer seg på fortsatt langvarig og høy oljevirk-somhet, er en helt direkte årsak til den typen forferdelige lidelser folk på Filippinane nå blir utsatt for», sa Rasmus Hanson frå Miljø-partiet Dei Grøne til NTB, som for eiga rekning la til: «I september anslo FNs klimapanel (IPCC) at det er minst 95 prosent sannsynlig at menneske-skapte utslipp av klimagasser er hovedårsaken til den globale oppvarmingen som er målt siden 1950-tallet.»

Heikki Holmås frå Sosialistisk Venstreparti var ikkje mindre klår: «Norsk olje tar liv på Filippinene», sa han til Dagbladet. «Bildene fra Filippinene og historiene fra menneskene der burde få oss til å ta alvoret med klimaendringene innover oss. Folk dør. Da må vi på et tidspunkt se oss i speilet og si at vi er en del av problemet.» Eller som Hansson sa det: «Det er en direkte sammenheng mellom norske statsbudsjetter og en klimautvikling som vil føre til stadig flere katastrofer lik den Filippinane gjennomgår.»

Gje oss pengar!

Men nordmenn var ikkje åleine om å reagera, ei rekkje politikarar frå den tredje verda bad Vesten straks om massive overføring--ar på grunn av lidingane som syklonar påfører og vil påføra fattige land. Under klimatinging-ane i Warszawa trygla leiaren for den filippinske delegasjonen, Yeb Sano, Vesten om å skjerpa seg: «Ødeleggelsene er kolossale. Og som om det ikke er nok, brygger det nå opp til en ny storm i det vestlige Stillehavet. Jeg gyser av tanken på nok en tyfon som treffer de samme områdene hvor beboerne ennå ikke har kommet seg på beina. Til alle som fortsatt fornekter den virkeligheten som er klimaendringer, utfordrer jeg dere: Kom dere ned fra elfenbens-tårnet og ut av komforten i lenestolen», skreiv han på heimesida til det norske Naturvernforbundet i Eivind Trædals omsetjing.

Men er menneskeskapte klimaendringar det same som vêrendringar? Vert det meir og sterkare vind av di temperaturen går opp? Og i så tilfelle, kvar er prova eller i det minste indisia for dette? Stort sett alle som er urolege for klimaendringane, plar visa til FNs klimapanel når dei talar om slikt som tyfonar og orkanar. Men då vert spørsmålet: Kva seier Klimapanelet om tyfonar og orkanar? Ein god del i kapittel to i den siste store rapporten frå i år, og FN seier noko heilt anna enn Hansson, NTB, Holmås og Naturvernfornbundet: «Noverande datasett indikerer ikkje at det har vore nokon signifikante endra trendar i den globale tropiske syklonfrekvensen gjennom dei seinaste hundre åra.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement