Energi
– Ikkje så dyrt som somme vil ha det til
Det er mangel på politisk vilje som har halde att fusjonsteknologien, meiner fysikkprofessor Odd Erik Garcia.
– Den største utfordringa med fusjonsenergi er å handtere varmen. Når det er over 100 millionar gradar inne i reaktoren, kan det få veggene til å smuldre eller smelte, seier Odd Erik Garcia.
Han er professor ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Tromsø, og ein av dei få som arbeider med fusjonsenergi i Noreg.
– Til no har det berre vore snakk om å halde fusjonen gåande i nokre sekund. Å varme opp gassen inni er ikkje noko problem. Men om framtidas reaktorar skal gå døgnet rundt, er det ei utfordring å halde varmen vekk frå veggene.
Det er fleire ting som gjer at interessa for fusjonsenergi har auka dei siste åra, meiner Garcia.
– Ein ting er klimaendringane, der har alvoret gått opp for dei fleste. Så er det store anlegget til ITER i Frankrike undervegs, men det har vore kjent lenge. Og det har kome ny teknologi som gjer det mogleg å lage sterkare magnetfelt enn før, og det gjer at ein kan klare seg med mindre reaktorar og byggje dei mykje raskare og billegare. Det står att å vise at dette fungerer i praksis, men det er ei rekkje selskap og forskingsinstitutt som arbeider med dette rundt i verda. Eg har tru på at ein kan få fusjonsreaktorar som leverer straum kring midten av dette hundreåret.
– Fusjonskraftverka har vore 30 år unna veldig lenge. Slik sett er alt som før?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.