Ikkje mitt rusregime

Noreg stør det iranske narkotikaprogrammet med seks millionar kroner i året. Det kan ikkje halda fram når Iran nyttar offentleg henging som straff for narkotikabrotsverk.

Publisert Sist oppdatert

I desse dagar syrgjer kultur–?Noreg over Joachim Nielsen, eller musikaren «Jokke», som kunne ha fylt femti år i år viss ikkje ein overdose heroin hadde teke livet av han for fjorten år sidan.

Stendig fleire nordmenn tek til ords for at heroinavhengnad må sjåast på og handsamast som eit helseproblem, ikkje eit kriminelt problem. Politiet skal no byrja ha med seg nasespray mot overdosar når dei patruljerer, vart det kjent denne veka, for å redusera det høge talet på overdosedødsfall i Noreg. Det har etter kvart vorte brei semje om at ein må gjera det ein kan for å redusera skadane, heller enn å plaga dei narkomane meir enn naudsynt.

Iran er ikkje der. Den 18. august i år vart iranaren Asghar Azizi hengd offentleg i byen Mianeh i Aust-Aserbajdsjan i Iran, melder iranske statlege media. Azizi vart dømd for «korrupsjon på jorda» etter å ha vorte gripen med narkotika, som styremaktene meinte han hadde planar om å smugla. Fleire titals innbyggjarar var vitne til den offentlege avrettinga av Azizi, inkludert fleire born.

Det er ikkje nett noko nytt. I 2013 vart 328 menneske i Iran hengde for brotsverk knytte til narkotika, syner tal frå menneskerettsgruppa Iran Human Rights. I 2012 var talet minst 580 menneske, og 294 av desse var offentlege avrettingar.

Henginga går ofte føre seg på verst tenkjeleg vis: langsam henging frå heisekran, ikkje ved fall-lem, som gjer at den dømde sakte vert kvelt i hel, medan tilskodarar står og ser på.

Kva har dette med Noreg å gjera? Grotesk nok ganske mykje. Siden 2011 har Noreg stødd det iranske narkotikaprogrammet med seks millionar kroner per år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement