Ikkje feitt nokVi klarar å sende folk til månen, men vi klarar ikkje å produsere det vi treng for å ha til meierismør på maten.

Vi klarar å sende folk til månen, men vi klarar ikkje å produsere det vi treng for å ha til meierismør på maten.

Franskmennene harselerte med den norske smørkrisa. No er det dei sjølve som finn orsakingar og ikkje smør i smørhylla. Avisa Le Figaro skriv om ein mangelsituasjon «utan sidestykke sidan andre verdskrig». Stephane Mahe / REUTERS / NTB scanpix
Franskmennene harselerte med den norske smørkrisa. No er det dei sjølve som finn orsakingar og ikkje smør i smørhylla. Avisa Le Figaro skriv om ein mangelsituasjon «utan sidestykke sidan andre verdskrig». Stephane Mahe / REUTERS / NTB scanpix

Det smurde lattermusklane både i nabolanda og i fjernare strøk då Noreg like før jul i 2011 mangla meierismør i butikkane. Det gule, harde feittet som i seg sjølv fungerte som eit byte- og betalingsmiddel for generasjonar før oss, vart lagt ut til sals på Finn for 600 kroner kiloet og gjekk verda rundt på nyhenda. Nordmenn tømte danske og svenske butikkar, og svenskar og russarar vart tekne for å smugle smør til Noreg. «Det kan verke absurd, men Noreg går tom for smør», harselerte franske medium.

No er franskmennene sjølve blant dei som har smurt seg tomme. I landet som konsumerer mest smør per innbyggjar i heile verda, møter kundane ein lapp med orsakingar i staden for smør i smørhylla i fleire butikkar: «Kjære kunde, på grunn av mangel på råvarer, kan leverandørane våre for augneblinken ikkje levere alle bestillingane våre på smør.» Den eldste avisa i Frankrike, Le Figaro, skriv om ein mangelsituasjon «utan sidestykke sidan andre verdskrig», og det kan visst spøkje for både julekaker og croissantar framover. Smørdeig er ikkje nett det same utan smør.

I andre europeiske land har smørprisane auka kraftig. I september kosta eit kilo smør i EU i snitt rundt 6,5 euro, som svarar til over 60 norske kroner. Det er om lag norske prisar og over 50 prosent meir enn smøret gjekk for i EU på same tid i fjor, ifølgje tal frå EU-kommisjonens overvakingsorgan for mjølk, Milk Market Observatory. Administrerande direktør i Arla Foods, verdas fjerde største meieriselskap, varsla alt i sommar at det kom til å gå mot forsyningskrise på smør i EU innan utgangen av året.

Vi sender folk til månen og kan lage maskinar som oppfører seg som menneske. Vi har modellar som varslar klimaendringar fleire tiår fram i tid, og vi held oss med eigne smørelandslag for å få idrettsutøvarane våre til å slå verdsrekordar på ski. Men å syte for det vi treng for å ha til smør på brødet, det driv vi altså ikkje med.

Då det skar seg

Den norske smørkrisa vart forklart med nedgang i mjølkeproduksjonen etter eit langvarig fall i etterspurnaden og ein våt sommar som gav dårleg fôr og mindre feitt i mjølka. Samstundes sveipa lågkarbodietten inn over landet, og nordmenn kasta seg over smøret som fanst. Det var ikkje mangel på mjølk, berre på mjølkefeitt. Feittet utgjer rundt 4 prosent av mjølka, og det går vanlegvis med opp mot 20 liter mjølk for å produsere eitt kilo smør.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement