– Idretten speglar samfunnet
Førebuinga til dei olympiske leikane har vore prega av alt anna enn det sportslege. Kvifor skal vi bruke så mykje tid på denne idretten?
Noregs Magnus Nedregotten og Kristin Skaslien tjuvstarta OL med mixed double i curling mot Tsjekkia onsdag.
Foto: Andreas Hillergren / TT /NTB
Fredag byrjar dei olympiske vinterleikane i Beijing. Mediebiletet har i opptakten til leikane vore prega av det meste utanom idretten. Koronasmitta utøvarar, menneskerettsbrot og miljøproblem som følgje av snømangel har stått på programmet. Likevel kjem mange til å sitje framfor TV-skjermen neste veke. Kva er det som er så spesielt med idretten?
Anne Tjønndal er idrettssosiolog.
– Gler du deg til OL?
– Det er jo alltid spektakulært og eit show utan like, så eg gjer det. Å sjå utøvarane presse grensene for det som er mogleg at ein menneskekropp får til. Og så er eg interessert i samspelet mellom teknologi og idrettsutvikling, korleis det kan påverke resultata. Det beste dømet er kanskje innføringa av fiberglas i stavsprang, der ein fekk eit enormt hopp i rekordar.
– Men kvifor skal ein arrangere eit OL midt under ein pandemi?
– Det har eg òg lurt på. På den eine sida er det galskap å bruke så mykje ressursar på eit idrettsarrangement når heile verda brenn rundt oss. Om eg skal vere heilt ærleg, ser ikkje idrettsforskaren i meg nokon gode grunnar til å ha OL no, sjølv om sportsidioten i meg gjer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.