JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Idrett er også vakre rekker med tal

Per Jorsett skapte stolte høgdepunkt i skøytesportens magiske grep på hoffet og folket.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tre av fire S-ar på pallen i verdsmeisterskapen på skøyter på Bislett i Oslo i 1981. Amund Sjøbrend tok gull, Kay Stenshjemmet sølv og Jan Erik Storholt bronse.

Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix

5316
20190215
5316
20190215

hompland@online.no

Den adelege delen av den aldrande skøytefamilien var samla på Vestre gravlund i Oslo tysdag. Det var Time to Say Goodbye til ein sportskulturell og identitetsbyggande epoke i nasjonens historie. Med Preikarens ord: «Alt har i si faste tid.» (Fork 3,1)

Per Jorsett døydde 30. januar. Det var 1360 dagar etter skjema, for han hadde lagt opp til å bli 95 år, sjølv om livsløpet enda i 2027 i den nekrologen han skreiv for sju år sidan.

Den folkekjære Jorsett var ikkje skøyteløpar, men skyttar i Oslo Østre. Han var profesjonell i talbransjen som aktuar og forsikringsmann i 50 år, men hadde eit approbert sideløp som resultatregistrerande sportsjournalist under signaturen «pjo».

Som nøktern og sakleg parhest til Knut Bjørnsen i einkanalsamfunnet var Jorsett med og forma den dragande blandinga av teknikk, estetikk, metaforikk, statistikk og dramatikk i skøytesportens stordomstid. Han lærte fleire kohortar av unge menn nytten av praktisk rekning for å kunna halda orden på poengsummane, og tala har sett seg fast.

Jorsett fylte hoffet og folk flest med tal og forteljingar til eit heilt nasjonalbibliotek. Gje Dag Solstad (16.07.41) ei øl, så trillar det ut rundetider, som i Roman 1987, med den triste og førrevolusjonære 1962-sesongen då Knut Johannessen var beste norske på sjuande plass i VM – etter Wang Chin-yu og Lo Chi-huan.

Der to eller fleire 70-åringar er samla i nerdete mimring, er Jorsett midt iblant dei. «Själv han är mig alla dagar nära, för var särskild tid med särskild nåd.» Då går dei ufortrødent vidare til nostalgisk skøytequiz, som også kan kallast førebyggande demenstrening.

Gamlekongen av tala er død! Leve dei nye kongane! Sjeldan har «Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang» passa betre enn i Per Jorsetts gravferd.

Det blir satsa meir profesjonelt, og dei nye er mykje betre trena enn dei gamle. Med kunstfiberdrakter, klappskøyter og innadørs baner er Adelskalenderen under stadig revisjon. Men tal blir ikoniske, og alle tider må samanliknast med tider på si tid. Som Hjalmar Andersen (16.32.6, Hamar 1952) sa: «Du kainn itj gå på noill.»

Dei nye småkongane kjem aldri til å bli folkeheltar, som kongerekka med Oscar Mathisen, Ballangrud, Hjallis, Kuppern, Aas, Moe og Maier, pluss dei fire S-ane og Koss. Skøyefamilien er blitt for liten, både som masseidrett for barn og som elitefenomen. Det har vore mykje kluss i vekslingane, og i media har skøyteløp falle ned i B-gruppa. Skøytesportens Mekka er flytta frå Bislett til havoverflata i Holland og til tynnlufta i Calgary og Salt Lake City.

Då kong Sverre av 5000 meter (BA, Bergensavisa, Bergens Arbeiderblad) skreid i Inzell, var det med denne vakre talrekka: 18.8, 28.9, 28.8, 29.1, 29.0, 29.1, 29.0, 29.0, 29.0, 29.0, 28.9, 28.7, 28.9, 29.3, 6.07.16.

«Han går som ei klokke», ville Bjørnsen ha sagt. Jorsett ville ha sekundert han i høve til Sven Kramer og henta fram eit nytt skjema då det nederlandske monsteret sprakk. Det gjorde også Patrick Roest. Størst av alt er å slå dei oransje.

Den vesle pletten i estetikken er sisterunden. Det er Pedersens akilleshæl, men han gjekk ikkje opp så mykje som vanleg. (Skjønnarar ante at noko var på gang etter den siste runden i Vikingskipet helga før.)

«Trollmannen fra Os», var oppslaget i VG: Tittelen er ledig etter at Søviknes abdiserte for andre gong.

Håvard Holmefjord Lorent­zen sprintar også mot toppen att. Det er eit under at Bergen er blitt skøytemetropol og har fostra verdsmeistrar på is. Parti i den våte byen som ikkje lovar tak over kunstisen på Slåtthaug, vil møta sin bane ved kommunevalet til hausten.

«Di e’kje fra Norge, di e’ fra Bergen.» Men den patriotiske byen må ty til eit utvida bergensomgrep for å inkludera sine to store søner: Lorentzen er frå Fana og Pedersen frå Os. Pedersen har etniske røter i Finnmark og Lorentzen i Fusa – mora er sjølvaste Fiskeri­direktøren. At sonen er allergisk mot fisk, og at fiskematselskapet Lerøy er hovudsponsor, må seiast å vera eit dobbelt paradoks.

Spaltisten var tydelegvis ekstatisk i sanntid då Pedersen skreid i kurbadbyen Inzell. Eg misunner han intenst, for eg var eit krenkt offer for den jævla Get-boksen som lovar «helt unike TV-opplevelser».

Takk som byr, men eg vil berre ha tillit til at program eg har plotta inn og fått bekrefta, faktisk blir tatt opp, slik at eg kan sjå det eg vil sjå når det passar meg, og slik at eg kan spola forbi reklamen og køyra raskt gjennom buljongpara på skeisebana og i Dagsnytt 18. Og nyta høgdepunkta om att og om att.

Då er det frykteleg irriterande at det er litt lotto kva som faktisk blir lagra, in casu 5000-meteren i VM. Eg måtte bita nederlaget i meg, lesa meg opp og leita fram småsnuttar på nettet. Tala fann eg, men den samtidige og autentiske rundetidskjensla gjekk eg glipp av.

Neste gong eg med god grunn er forbanna på Get, skal eg klaga direkte til Lotteritilsynet, sjølv om direktør Hamar ikkje er heime i Førde, men er kalla til regjeringsapparatet for å gjenskapa tillit til Venstre som distriktsparti.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med trolldom har Bergen fostra verdsmeistrar på is, sjølv om dei har etniske røter i Finnmark og Fusa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis