– I strid med eiden å gripe inn

Leiaren for delstatsforsamlinga i Arizona, Russell «Rusty» Bowers, nekta å gi etter då president Trump prøvde å presse han til å endre valresultatet i delstaten. Dag og Tid trykkjer her eit utdrag frå vitnemålet til Bowers frå kongress­høyringa denne veka.

Russell Bowers (i midten med briller) i den fjerde av åtte høyringar i kjølvatnet av kongresstorminga.
Russell Bowers (i midten med briller) i den fjerde av åtte høyringar i kjølvatnet av kongresstorminga.
Publisert

Du kallar deg sjølv konservativ republikanar. Er det rimeleg å seie at du ønskte at Trump skulle få ein andre periode som president?

– Ja.

– Forstår du det slik at president Biden vann valet i Arizona i 2020?

– Ja.

– Før vi byrjar med spørsmåla, vil eg gjerne spørje deg om ei fråsegn frå den tidlegare presidenten Donald Trump som eg fekk nett før høyringane. Har du fått sjå denne fråsegna?

– Rådgjevaren min ringde frå Arizona og las ho for meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement