I Russland er ingen ansvarlegeRussisk etterretning stod bak giftåtaket på Sergej Skripal og dottera hans i mars i år. Kva fylgjer får det for Putin og regimet hans? Svaret ser ut til å vera ganske klart.
Russisk etterretning stod bak giftåtaket på Sergej Skripal og dottera hans i mars i år. Kva fylgjer får det for Putin og regimet hans? Svaret ser ut til å vera ganske klart.
Julija Skripal vart forgifta saman med faren Sergej Skripal i Salisbury i England.
Foto: Dylan Martinez / Reuters / NTB scanpix
Alle i Russland som har hatt augo opne, har hatt høve til å ha det moro dei siste vekene: Etter at britiske styresmakter blåste identiteten til dei to agentane som mest sannsynleg forgifta eksagenten Sergej Skripal og dotter hans i byen Salisbury for eit halv år sidan, har det russiske propagandaapparatet gått på tidenes største blemme. Dei har stadfesta den britiske versjonen, sjølv om dei freista å gjera det motsette.
Lenge såg det ut som om operasjonen i Salisbury 4. mars i år var ein stor suksess: Etter at britane og ei rekkje med vestlege land gjennom våren hadde reagert på det dei meinte var eit russisk åtak, blei reaksjonane kalla for «nærmest hysterisk» (Frank Rossavik i Aftenposten 2. juli). Dei avgjerande prova var ikkje lagde fram, og eigentleg kunne kven som helst ha stått bak, blei det hevda.
I byrjinga av september vende saka heilt om: Britane namngav dei to GRU-agentane som hadde stått bak åtaket og dokumenterte rørslene deira rett før og rett etter at Skripal og dottera hans blei forgifta. Det russiske utanriksdepartementet hevda at dei ikkje kjende noko til dei to mennene, Aleksandr Petrov og Ruslan Bosjirov. Så blei dei to henta fram på den russiske fjernsynsstasjonen RT, og katastrofen var eit faktum. Ingen kunne etter det vera i tvil om at det verkeleg var Petrov og Bosjirov – eller kva dei eigentleg heiter – som stod bak åtaka.
Ei krise utan ende
No, eit par veker seinare, står det altså fast at russiske styresmakter sender agentar rundt i verda som ved hjelp av nervegift tek livet av dei som dei meiner er forrædarar mot Russland. Det største problemet er kanskje ikkje at dette skjer. Mange hemmelege tenester – også i Vesten – har vel hatt lyst til å ta livet av utru tenerar frå tid til anna. Det store problemet er at det ikkje får fylgjer for dei som styrer staten.
Ei av dei viktigaste nyvinningane i moderne statsbygging er at styresmaktene står ansvarlege for borgarane for det dei gjer. Den norske justisministeren og i siste instans regjeringa er til dømes ansvarlege for det både PST og Forsvarets Etterretning gjer, om det er i Noreg eller i utlandet. Om E-tenesta til dømes skulle finna på å avretta ein norsk borgar som oppheld seg i Russland (eit høgst hypotetisk tilfelle), ville det utløyst ei politisk krise i Noreg som me knapt kunne sjå enden på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.