I Røkketrålen

Historia om Kjell Inge Røkkes erobring av fiskeindustrien i Nord-Noreg er på mange måtar historia om det nye Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Stormklokkene ringjer nordpå, og måndag kom Kystopprøret til Oslo. Den historisk sett viktigaste fellesressursen vår står i sentrum for eit spel om rettar og store pengar. Vinnaren heiter førebels Kjell Inge Røkke og Havfisk. Det vil kystfolket i nord no ha ein slutt på. Dei kjenner seg fanga i Røkkes nett. «Styresmaktene våre kjempar mot piratverksemd utanfor kysten av Somalia. Men piratar som opererer i våre eigne farvatn, blir ønskte velkomne», sa tidlegare Gamvik-ordførar Roger Hansen. «Om du ranar ein bank, blir du sett i fengsel. Men styresmaktene tillèt ran av fiskebankar», sa Hammerfest-ordførar Alf E. Jakobsen. Slik heldt det fram i to timar frå podiet utanfor Stortinget, der fleire hundre hadde møtt opp for å støtte kystopprøret. Det var mange høge kinnbein å sjå, og god kjønnsbalanse, for det er mykje kvinner i fiskeindustrien. Alle media var òg til stades på det som må ha vore den største demonstrasjonen mot stor­kapital på mange år i Noreg.

Slagorda kunne nesten høyrast heile vegen ned til Aker brygge, der Noregs største fiskar held til. Derfrå styrer milliardæren eit nettverk av konsern med forgreiningar i inn–?og utland. Kjell Inge Røkke har sagt at Akers fiskeinteresser står for ein liten del av verksemda til konsernet, men generer nesten all negativ publisitet. Det blei ikkje betre i løpet av måndagen.

Frustrasjonen, som har bygd seg opp over mange år, retta seg først og fremst mot politikarar. Finnmarksordførarar frå Ap, som har kanskje kvidd seg for å ta eit opprør med sine eigne, har ikkje dei same hemningane overfor den nye Høgre-leidde regjeringa.

Ei næring i flyt

For å få grep om denne historia må vi gå tilbake mot slutten av 1980-åra. Det var torskekrise, selinvasjon, svart hav og små kvotar. Fiskarane sleit, og det same gjorde fiskeindustrien, der trongen for råstoff og kontinuerleg inntening var langt større enn havet kunne levere. Heile næringa var i flyt. Fisket måtte regulerast på nytt. Eit stykke ut i 1990-åra enda det med stenging og innføring av eit kvotesystem for fisket. Dette var starten på privatiseringa av fisken.

Om lag på same tid var Kjell Inge Røkke i ferd med å bli sparka ut av Alaska og Sør-Amerika. Trålarane han brukte, var skrog han hadde fått slept over frå USA og bygd opp i Noreg ved hjelp av subsidiar. Røkke utnytta, med noko som minner om eit teikneserietriks, eit smotthol i den amerikanske lovgjevinga. Berre amerikanske båtar kunne delta i fisket. Men sjølv om ein båt er ribba for alt, bortsett frå skroget, er han framleis den same (amerikanske) båten, teknisk sett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement