Kommentar

I meiningsløysas namn

Rektor Curt Rice fekk eit knapt styrefleirtal med seg på å endre namn til OsloMet.
Rektor Curt Rice fekk eit knapt styrefleirtal med seg på å endre namn til OsloMet.
Publisert

Det er interessant at statlege verksemder med overbetalte toppsjefar går føre i arbeidet med å skaffe seg meiningslause namn. Sist fredag vedtok styret for det som skal bli Oslos nye universitet, med seks mot fem røyster, at nyskapinga skal heite OsloMet. No har rett nok Kunnskapsdepartementet siste ordet, men det er illusorisk å vente motstand frå den kanten fordi departementa ikkje har synt særleg interesse for å stogge denne namneutviklinga.

Den hovudstadsbaserte delen av norsk akademia er blitt så internasjonal at Universitetet i Oslo sa frå seg alt ansvar for Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka og den uvurderlege ordsamlinga. Heldigvis tok Universitetet i Bergen over ansvaret.

I 2008 fekk vi ei framifrå språkmelding, «Mål og meining» (St.meld. nr. 35:2007–2008). Ho peikte på namnegalskapen som alt då var i ferd med å breie seg i staten, der det såg ut til å vere eit viktig poeng at offentlege verksemder skulle ha namn som ikkje fortalde kva dei dreiv med. Der var Mesta, Entra og Secora (skild ut frå Kystverket) blant dei «snille» døma, medan oppdrettsselskapet Cermaq (som sprang ut av noko så usexy som Statens Kornforretning) stod fram som toppen av meiningsløysa.

I språkmeldinga heiter det at ikkje all nyskapande namnelaging skal avvisast. Men ein skal syte for at «nye namn ikkje blir laga utan at ein har vurdert dei i høve til tradisjonell norsk namnelaging, norsk språkkjensle, norsk syntaks og – som eit minimum – norske skrive- og rettskrivingsreglar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement