Utanriks
I knipetonga til Putin
SUWALKI/RUDNINKAI: Baltikum og Aust-Polen er omgitt av fiendtlege styrkar. No er området i ferd med å bli det mest militariserte i EU.
Den russiske eksklaven Kaliningrad ligg bak stadig fleire lag med piggtråd. Ved grensa til Polen og Litauen vaiar eit flagg med hammar og sigd, eit symbol begge landa på andre sida har freista å forby.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Visstnok er eg komen til ein av dei tryggingspolitisk farlegaste stadene i EU: Suwalki-korridoren. Slik kjennest det ikkje her eg står. Landskapet rundt meg er fredfullt, med tett skog og bølgande åsryggar. Men ikkje heilt: Langs landevegen ser eg ei rekke gamle bunkerar som må stamme frå den førre gongen det var krig i området.
Suwalki-korridoren blir ofte omtalt som akilleshælen i Nato. Mellom Polen og Baltikum ligg det ei smal landstripe på 65 kilometer. I aust ligg Belarus, Putins nærmaste allierte. I vest ligg den russiske eksklaven Kaliningrad, med kring hundre taktiske atomvåpen og 25.000 soldatar. Det er fleire aktive soldatar enn det finst aktive styrkar i heile Litauen.
Mistar Nato Suwalki-korridoren, mistar Baltikum òg landvegen til sine allierte i vest. Og langs heile austgrensa kan russiske og belarusiske soldatar trenge seg inn over det austeuropeiske flatlandet.
Få stader blir dette meir tydeleg enn der grensene mellom Polen, Litauen og Kaliningrad møtest. Her er det meterhøge gjerde med piggtråd, som Polen sette opp etter det russiske åtaket på Ukraina i 2022. Slik har det ikkje alltid vore. Tidlegare var det ganske enkelt å ta seg over grensa. Litauarar drog gjerne over for å vitje slektningar på andre sida, medan russarar drog med bilen på helgetur til Gdansk.
Det gjaldt her ved grensestøtta òg: Rett nok fanst det grensegjerde innover i skogen, men dei var ikkje mykje meir avanserte enn at ein kunne klatre over. No er det einaste som kjem over grensa utan spesialløyve, ein stork som krinsar over oss. Her, langt aust i Europa, har han vore eit symbol på harmoni og fred. No svevar han høgt over oss, heva over all geopolitikk, som ein framand utopi.
Militariseringa
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.