Intervju
I ekstreme tider
Det er ingenting uventa med vêrkatastrofane i Europa i sommar, seier klimaforskar Tore Furevik.
Styrtregn førte til katastrofale flaumar mange stader i Tyskland og andre mellomeuropeiske land i juli. Biletet er teke i Erftstadt-Blessem 17. juli.
Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB
På måndag kom første del av den nye oversiktsrapporten frå Klimapanelet til FN (IPCC). Rapporten må bli dødsstøyten for kol og andre fossile energikjelder, før dei øydelegg planeten vår, sa FN-generalsekretær António Guterres.
Tore Furevik er direktør ved Nansensenteret.
– På eit vis er det rart at den nye IPCC-rapporten får så stor merksemd. Han slår fast at verda blir varmare, oppvarminga skjer ekstremt raskt, det blir meir ekstremvêr, og årsaka er klimagassutsleppa. Men dette visste vi jo?
– Det er i og for seg rett: Dei som har følgt med på forskinga dei siste åra, har sett dette alt. Det som har kome til sidan den siste store tilstandsrapporten frå IPCC i 2013, er åtte år med meir data og kunnskap. Og den viktigaste endringa er at vi har fått sikrare kunnskap om samanhengen mellom global oppvarming og ekstremvêr. Merksemda kjem nok fordi denne rapporten gjer opp status og tek pulsen på utviklinga.
– Rapporten slår no fast samanhengen mellom klimagassutslepp og oppvarming som sikker. Det er i seg sjølv nytt?
– Ja, dei tidlege IPCC-rapportane var varsame i språkbruken: Dei snakka om «sannsynlege» og «svært sannsynlege» samanhengar. No blir samanhengen slått fast som heilt sikker. Sidan kring 1850 har gjennomsnittstemperaturen på jorda stige med nesten 1,1 grad, og så godt som all temperaturstiginga er menneskeskapt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.