I den siste tida har draumane mine ofte halde seg i krimsjangeren. Dei handlar om grove brotsverk, tjuveri, vald og drap. Så vaknar eg alltid rett før brotsverket blir oppklart og forbrytaren teken.
Og godt er det, for det er eg sjølv som er forbrytaren. Eg vaknar kaldsveittande og med hamrande hjarte, og i nokre isnande sekund er eg usikker på om det er ein draum eller verkelege hendingar. Etter kvart roar hjartet seg, men draumen sit i kroppen lenge.
Hadde det endå vore eit edelt brotsverk eg hadde gjort meg skuldig i. Som å bryte lova og gå i fengsel for å berge familieæra, eller for ei høgverdig politisk sak som eg er villig til å ofre eigen fridom for. Eller det kunne vore eit genialt og elegant gentlemanstjuveri frå ein rikmannsheim med sinnrike alarmsystem. Men noko slikt kan eg heller ikkje skryte på meg.
Då kunne det i det minste vore ei verkeleg opprørande handling. Eit bestialsk satanistisk ritualdrap som bulevardavisene kunne gasse seg i, og som det ville gå gjetord om i mange tiår. Noko eg ville bli hugsa for.
Men slik er det ikkje. Brotsverka eg drøymer om, er av uslaste slag. Somme gonger er det eit simpelt tjuveri eller underslag for å finansiere syndige laster. Andre gonger eit feigt drap for å unngå å måtte stå til ansvar for eit slikt underslag.
Sidan eg sjølv har kontroll over både manus og regi og til og med speler hovudrolla, skulle ein tru at eg kunne gi meg sjølv ei meir sympatisk rolle i draumane mine. Men det er visst ikkje slik det fungerer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.