I bakvendtland kan alt gå an
Høgre er eit parti for bedriftsøkonomar som ikkje forstår samfunnsøkonomi.
Vi byrjar med skatt, for lat oss vedgå det: Skatt er det vi tenkjer på når vi tenkjer på Høgre, og den kampen har partiet vunne. Før Willoch steig skattenivået støtt og var kome over 50 prosent av all verdiskaping, BNP, i Noreg. Etter Willoch har skattenivået lege fast, og også i neste periode lovar Ap å ikkje auka skattane.
Høgre er òg der no og går ikkje lenger inn for store kutt. Skilnaden mellom Ap og Høgre i syn på skattenivå er marginal, men at det samla nivået ligg fast, tyder ikkje at vi ikkje kan gjera noko med innrettingane av skattane, og særleg skulle ein tru at Høgre ville gjera noko med ulempene. For det norske skattesystemet har eitt stort problem, eit problem som eit konservativt parti burde gjera noko med, nemleg at skattesystemet gjer samfunnet vårt ustabilt.
Om vi legg det normative til side, at det er gale å vera rik og vondt å vera fattig, kva slags skattesystem hadde vi laga om vi kunne byrja på nytt? Då hadde vi sjølvsagt laga eit system for å auka sparinga og redusera låneopptaka. Den vestlege verda går no gjennom den største økonomiske krisa sidan 1930-åra. Kvifor? Av di det var altfor, altfor billeg å låna. Høgre, sett bort frå ei gradvis fjerning av formuesskatten, har tenkt å gjera fint lite med dette.
Rå skatt på sparing
Lat oss gå utifrå at du tener bra. Du har lyst til å spara. Spara gjer vi med dei siste kronene vi tener, dei som vert skattlagde hardast. Fyrst betaler arbeidsgjevaren din 14,1 prosent i arbeidsgjevar-avgift. Så betaler du sjølv 45 eller 48 prosent i inntektsskatt. Den siste krona set du så i banken til 3 prosent rente. 28 prosent av rentevinsten tek staten, to prosent av den opphavlege krona og rentevinsten tek inflasjonen. Diverre har du formue. Så staten tek 1 prosent til, også av den opphavleg krona og den nominelle, men ikkje reelle, rentevinsten. Ei krone du i utgangspunktet har betalt rundt 60 prosent i skatt på for å få tak i, vert kvart år mykje mindre verd om du lèt henne stå i banken. Det er gale å seia det: I Noreg må ein vera idiot for å spara i bank, det finst ingen incitament for å spara seg til rikdom.
Vel, det siste er ikkje heilt sant. Når du betaler ned på gjeld, sparer du også, men utan å leggja deg opp kontantar. Du har lyst på eit hus. Du går ikkje til mor og far og bed om pengar, dei har kor som er ikkje særleg med pengar av di det ikkje løner seg å spara i bank, og du sparer heller ikkje sjølv. Nei, du låner. Då går heile prosessen i revers. I staden for å betala høg skatt på kronene du tener, kan du trekkja av 28 prosent av renteutgiftene på skatten, inflasjonen et opp to prosent av det samla lånet i året, og sidan du har gjeld og ikkje kontantformue, slepp du formuesskatt. Dessutan leiger du ut kjellaren og får heile leigeinntekta skattefritt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.