I badeland, der alt går an

Sunnmørsbadet i Fosnavågen skulle opphavleg ha kosta 100 millionar kroner, no kjem det stadig nærare 300 millionar.

Publisert Sist oppdatert

Vesle Herøy på Sunnmøre er ikkje som andre kommunar.

Kommunen er Herøy, og tettstaden er Fosnavågen. Denne saka skal handla om nokre særmerkte pengar, pengar som ikkje er som andre pengar, pengar som kan nyttast til å få det kjekkare, mykje kjekkare enn det andre pengar maktar å få til. Pengane heiter RDA-pengar, eller Regional differensiert arbeidsgjevaravgiftspengar. Herøy har mange slike pengar. Di betre det private næringslivet i Herøy går, og det går som ei kule, di meir pengar får Herøy frå staten.

Vi skal koma attende til mekanismen, men lat det vera sagt frå fyrste stund, underskrivne og bror hans, som er med som fotograf, unner Herøy desse pengane. Det er nesten så ein kan verta stolt over Noreg. Vesle Fosnavågen med 3500 innbyggjarar får Noregs flottaste bad og har alt skaffa seg ei konsertscene med verdas beste akustikk.

Medan kommune etter kommune på Sunnmøre vert sett under statleg administrasjon for elendig økonomistyring, veks og veks Herøy. Dei er altfor rike til at nokon andre kan konkurrera. Når vi kjem køyrande inn i

Fosnavågen, er det for to ørstingar og hjørundfjordingar nærast som å køyra inn i eit nytt kraftfelt. Herøy er noko heilt, heilt anna.

–?Budsjettet for konsertsalen var opphavleg på 72 millionar. Men så fann vi ut av vi ville ha litt betre akustikk og noko betre sittekomfort, så vi auka budsjettet til 95 millionar, fortel Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement