JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Husmora som terrorist

Den første norske IS-bruda står no tiltalt for handlingane sine i Syria. Kan det vere terrorisme å gifte seg, få barn og ta oppvasken?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aktor Geir Evanger, forsvarar Nils Christian Nordhus og den tiltalte i Oslo tingrett.

Teikning: May Linn Clement

14526
20210305

Saka mot IS-kvinna

Ei 30 år gammal kvinne er tiltalt for å ha delteke i terrororganisasjonen IS.

Ho passa borna sine og stelte heimen til sine tre ektemenn, og la på det viset til rette for at dei kunne slåst for IS.

Ho kom til Syria i 2013 og oppheldt seg i IS-kontrollerte område heilt til ho vart plassert i ein interneringsleir av kurdiske styrkar i mars 2019.

Kvinna kom attende til Noreg i januar 2020.

Cecilie Hellestveit fylgjer rettssaka i Oslo tingrett for Dag og Tid.

KOMMENTAR

Kva former for aktivitet til støtte for terroristrørsler ute i verda gjer at ein fortener fengsel her i Noreg? Dette er problemstillinga for Oslo tingrett i rettssaka som starta denne veka. Dette er den første saka mot ei IS-brud frå Noreg som drog til Syria. Den tiltalte kvinna vart kone for krigarar og andre mektige personar i Den islamske staten, IS, og fødde òg to born. Men kan det kallast ei straffbar deltaking i ei terrorrørsle å gje kjærleik, føde barn og ta oppvasken?

IS-kvinna er 30 år gammal, og mor til barnet som vart evakuert frå fangeleiren Al-Hol i 2020, ei sak som fekk den norske regjeringa til å sprekke. No skal kvinna stillast til doms for handlingane i Syria. Då ho inntok vitneboksen denne veka, framstod ho som ei ressurssterk, men prega kvinne. Før ho drog til Syria, gjekk ho på OsloMet. Under vitneprovet siterte ho far sin: «Eg har oppseda deg til ikkje å vere mannen underdanig.»

Ho er ikkje den første norske kvinna som står tiltalt for band til IS. I ei sak i Oslo tingrett i 2019 vart ei kvinne frå Nordfjord dømd for forsøk på å reise til Syria for å bli IS-brud og for å ha støtta organisasjonen. Men dette er den første saka der ei kvinne står tiltalt for å ha utført handlingar for IS i Syria.

Kalifatet

Den tiltalte kvinna drog til Syria i 2013 for å vere med mannen sin, framandkrigaren Bastian Vasquez, som seinare vart IS-krigar. Ho fekk eit barn med han, og etter at Vasquez døydde i 2015, vart ho to gonger gift med menn som hadde sentrale roller hjå IS. Dette var på høgda av IS si stordomstid, då organisasjonen prøvde å danne eit islamsk rike, eit kalifat, i Aust-Syria og Vest-Irak, med hovudstad i den syriske byen Raqqa.

I skuggen av borgarkrigen som raste i Vest-Syria, og i utkantane av eit øydelagt Irak som amerikanarane hadde forlate i 2012, forsøkte IS å lage ei ny og «postkolonialistisk» statsdanning i ruinane. Det var eit utopisk prosjekt basert på ein salafi-jihadistisk ideologi og ei «rein islamsk doktrine». Her var hudfarge, nasjonalitet og opphav underordna. Dei einaste kriteria for å bli med var sunnimuslimsk «rett» tru, religiøs praksis og underkasting – ikkje berre for Allah, men, endå viktigare, for IS’ nye islamske styresmakter, som hovudsakleg hadde irakisk og syrisk bakgrunn. Lokalbefolkninga som aksepterte IS, vart integrert i staten.

Dei som ikkje innordna seg, eller ikkje var sunnimuslimar, eller «sanne sunnimuslimar», vart drepne, drivne på flukt eller slavar i det nye riket. Kalifatet fekk etter kvart sine eigne departement, eit rettsapparat og sin eigen «valuta». Medan IS fordreiv innbyggarar som ikkje «passa inn i prosjektet», oppmoda dei framandkrigarar frå heile verda om å komme til Allahs rike på jord og bidra til å gjere Den islamske staten levedyktig.

Bytte side

I 2015 rekna ein med at muslimar frå rundt 100 land hadde reist til Syria og Irak for å slutte seg til IS. Somme reiste dit for å leve i den einaste staten i verda som praktiserte det dei meinte var «sann islam». Den norske kvinna som vart dømd for IS-deltakinga si i 2019, hadde dette som mål. Mange andre i IS hadde vore framandkrigarar i andre grupper i den syriske borgarkrigen, og søkte seg mot IS eller vart tvinga til å velje side då det braut ut konflikt mellom dei radikale gruppene i 2013. Då den tiltalte kvinna kom til Syria tidleg i 2013, var ektemannen, Vasquez, krigar for al-Qaida-gruppa al-Nusra-fronten. Seinare same året bytte ekteparet side til IS.

Uklart omgrep

Påtalemyndigheitene meiner at det å gifte seg, få barn og passe heimen i Den islamske staten skal sidestillast med deltaking i ei terroristrørsle. I motsetnad til brotsverk som er «internasjonale» i karakter, til dømes krigsbrotsverk eller folkemord, har terrorisme ikkje nokon klar definisjon i folkeretten. Forsøka på å slå fast kva terrorisme er i juridisk forstand, har vore samanlikna med jakta på Den heilage gralen. Berre mellom 1930 og 1981 verserte det minst 107 ulike forslag til definisjon i den internasjonale debatten. Sjølv ikkje etter al-Qaida-åtaka i USA i 2001 klarte verdas statar å einast om ein definisjon. Når det kjem til innhaldet av dette omgrepet, er det «kvar stat, sin terrorisme» som gjeld.

Her ligg forklaringa på at forslaga om å etablere eit internasjonalt tribunal for IS-medlemmer ikkje er ein farbar veg. Forslaget kom opphavleg frå Sverige, som mangla straffeheimlar for å straffeforfølge til dømes IS-bruder. Svenskane ønskte seg eit tribunal for å bøte på denne mangelen. I Noreg har vi derimot heimlar i bøtter og spann. Kor langt straffelova §136 a om deltaking i ei terroristrørsle rekk, skal no prøvast for retten.

Menneskerettar

Både Nusra-fronten og IS vart førte opp på FNs liste over internasjonale terrororganisasjonar i mai 2013. Då er saka gjerne klar – dei er «internasjonale terroristrørsler». Men kor langt ut i kjeda av bidrag til desse gruppene handlingar er straffbare, er opp til kvar stat å avgjere. Spørsmålet for domstolen i denne saka er om sex, giftemål, barnefødslar og omsorg skal råkast av det Noreg vel å kalle straffbar deltaking i ei terroristrørsle.

Om saka hadde dreidd seg om ei terroristgruppe i Noreg, la oss seie ei tenkt gruppe rundt Anders Behring Breivik, ville giftemål, barnefødslar og felles privatliv med eit medlem i gruppa aleine sjølvsagt ikkje kunne straffast som «deltaking i terroristrørsle». Slik framferd som til dømes Frankrike dreiv med i koloniane i Søraust-Asia, med kollektiv avstrafffing av heile familiar, sømer seg ikkje for ein rettsstat.

Det var slik praksis som i si tid fekk den franske juristen Rene Cassin til å argumentere for at menneskerettane i FNs menneskerettserklæring frå 1948 skulle vere universelle – dei skulle òg gjelde for innbyggarane i koloniane. Vår tids mantra er at straffeansvar er individuelt, og ikkje gjeld for resten av slekta. Å vere kona til ein som gjer noko gale, kan ikkje straffast, sjølv om «mat, klede og kjærleik» lett kan gjere ein lovbrytar til ein meir effektiv kriminell.

Verkeleg krig

Kva er det då i denne saka som kan gjere tradisjonelle husmorsysler til straffbare handlingar? Skilnaden er at medan Behring Breivik levde i vrangforestillinga at det var ein slags borgarkrig i Noreg, var borgarkrigen i Syria og Irak i januar 2013 heilt reell. Den tiltalte kvinna valde å dra i denne krigen. Ho skrapa sjølv saman pengar, putta niqaben i skreppa og la i veg. Det er noko anna enn å vere hustru og sengepartnar på Frogner i Oslo for ein mann med skrudde idear.

I saka til kvinna som forsøkte å bli IS-brud, uttalte Tingretten i 2019 at «Tilreisende kvinners tilstedeværelse og rolle som hjemmeværende kone og mor, innebar en ivaretakelse av og praktisk og moralsk støtte til mannens aktiviteter som fremmedkrigere, og en sikring av kalifatet». I den saka delte retten seg i to i spørsmålet om straffverdigheita til «rolla som heimeværande kone og mor i ISIL-kontrollerte område». Fleirtalet la vekt på at tilreisande kvinner var viktige for rekruttering av nye framandkrigarar, fordi dei gjorde det meir attraktivt å slutte seg til IS.

I saka som no går for retten, har påtalemyndigheita lagt til grunn at «ved å passe barnet deres og ta seg av ulike oppgaver i hjemmet, la hun forholdene til rette for at NN kunne ta aktivt del i kamphandlinger» for IS. Det er altså kvinna si rolle for mannen, og ikkje for prosjektet, som vert vektlagd i retten.

Damegaranti

Så kan ein spørje seg: Minner ikkje eigentleg dette påfallande mykje om islamsk lov? Det var ikkje primært for å ta oppvasken at IS ønskte seg damer frå Europa. (Slikt tok gjerne lokale slavar seg av.) Dei tilreisande kvinnene, IS-brudene, hadde tre hovudfunksjonar hjå IS. Alt gjekk føre seg under serken, og det dekte heile spekteret frå hore til madonna.

For det første var IS-brudene freistarinner som kunne trekke til seg unge framandkrigarar, særleg frå den arabiske verda. I dei fleste arabiske land må ein sikre seg eiga inntekt før ein kan gifte seg, og høg arbeidsløyse og låge løner gjer at mange unge menn må vente svært lenge før dei vert gifte. IS gav bortimot ein garanti om å bli gift, ikkje berre med éi kone, men kanskje fleire på ein gong. Kvinner kunne òg gifte seg på ny tre månader etter skilsmisse eller dødsfall.

I muslimske krigarkulturar gjer dette at krigarane har godt med kvinnfolk mens dei lever, og damene får etter kvart ganske mange husbondar på CV-en. Kvinna i Oslo tingrett har hatt tre ektemenn på omtrent like mange år. I retten gav ho uttrykk for at friarane stod i kø då ho vart enke. Kvinnene i Den islamske staten var tilgjengelege for unge muslimske menn på heilt anna vis enn det som er situasjonen i normale muslimske samfunn. I IS’ «Tinder-fabrikk» var IS-brudene heilt sentrale trekkplaster for å rekruttere framandkrigarar.

Nye borgarar

For det andre var kvinnene elskarinner for menn i kamp. Det er gammalt nytt at kvinner spelar ei viktig rolle for å gjere menn til betre krigarar. Både før og etter strid med livet som innsats har kvinner ei rolle som inspirasjon, motivasjon og gevinst. Hjå vikingane pla damene å luske seg opp langs rekkene og vifte med skjørta for å mane fram den siste gnisten hjå krigarane.

I Den islamske staten var det særleg dei mennene som steig i gradene hjå IS som fekk fleire koner, og kanskje òg ei slavinne eller to. Bastian Vasquez fekk etter kvart ei viktigare stilling, og han skaffa seg ei såkalla «samkone». Då ho fekk spørsmål i retten, svara den tiltalte kvinna at det ikkje var noko ho sette pris på.

Og for det tredje laga kvinnene folk. Medan framandkrigarane var viktige for å utvide kalifatet og sikre territoriet til Den islamske staten, var det damene som leverte gullet: Dei laga morgondagens IS-borgarar. Lokale irakiske eller syriske borgarar var gjerne litt for nære på gamle tradisjonar i området, dei hadde store slekter og kunne òg gjere felles sak med til dømes Damaskus eller Bagdad ved høve.

Viktig rolle

IS-borgarar som kom frå Langtvekkistan var mykje lettare å forme for IS. Slik var det både med krigarane og med «den neste generasjonen», altså barna som IS-kvinnene bar fram og seda opp i den nye «reine sunnimuslimske» tradisjonen. IS-brudene var pilarane i prosjektet til kalifatet. For å bygge ein ny statstype med heilt nye borgarar var krigspatoset viktig. Men endå viktigare var det å lage borgarar til den nye staten, og å oppdra barn til ei heilt ny og revolusjonær sunnimuslimsk verkelegheit. For terroristrørsla IS sitt formål kan ein eigentleg seie at barneproduksjon og oppseding var det viktigaste av alt.

Sjølv om rolla kvinnene hadde hjå IS var knytt til mennene, som freistarinne, elskarinne og mor, skal vi altså vakte oss vel for å tenke at kvinnene hjå IS var «vedheng» som berre skulle lokke til seg kanonføde og setje krigarane i stand til å slåst litt hardare. Damene spelte ei svært viktig rolle.

Halshogging

Men spørsmålet som Tingretten skal ta stilling til, er om kjærleik, barnefødslar og heimlege syslar òg skal straffast som deltaking i terrorrørsla. Ei husmor og barnemor vil i så fall ikkje vere terrorist i kraft av det ho gjer, men i kraft av det ho bidreg til. Og IS-brudene medverka til IS’ verkemiddel, men altså særleg til IS’ formål. Eit springande punkt vert difor kva kvinnene har hatt av kunnskap om organisasjonen, og om dei har gjort det heile frivillig.

I retten har den tiltalte kvinna gjeve uttrykk for at ho visste lite om det ektemennene hennar dreiv med når dei ikkje var heime. Ho hugsar ein episode då ho fekk vite om ein general som hadde fått hovudet skore av. Då skal ho ha knist og komme med ein sleivete kommentar om at ho skulle gjerne ha gjort det sjølv. Men ho sa òg at ting var annleis enn ho hadde trudd i Syria, og at ho ønskte å komme seg heim att frå mai 2013.

Eit stort spørsmål i saka for Tingretten er om vi har å gjere med ei ung og naiv kvinne som var driven av brusande blod bak niqaben, og som deretter vart halden som gissel mot sin vilje av fæle menn og ein fæl terroristorganisasjon. Eller var ho ein dedikert muslim som drog i veg for å hjelpe muslimar i Syria, men enda opp i ei verd som utvikla seg annleis enn det ho hadde sett for seg?

Kulturkollisjon

Kvinna har vore norsk statsborgar i meir enn 20 år og framstår i mykje av det ho seier som utprega norsk. Likevel femnar saka om to kulturkollisjonar. Tingretten er samansett av folk med bakgrunn frå fredfulle Noreg. Dei skal ta stilling til handlingar som har gått for seg i ei heilt anna verd – under eit revolusjonært, religiøst, utopisk eksperiment i eit Midtausten i full krig.

Den andre kulturkollisjonen er mellom dei forventningane og krava vi stiller til fullverdige rettssubjekt på den eine sida, og det som ser ut til å vere ein lei tendens i Europa til å behandle muslimske kvinner litt annleis enn muslimske menn. Fleire undersøkingar dei siste åra viser at medan muslimske menn tiltalte for band til IS, gjerne møter ein presumpsjon om terrorforsett, vert muslimske kvinner snarare behandla som offer, og dei blir i mindre grad haldne til ansvar for eigne handlingar.

Men det er altså under islamsk lov at kvinner ikkje er fullverdige rettssubjekt i rettssalen. Under sharia trengst til dømes fire kvinnelege vitnemål for å vege opp for det ein mann seier. Og vi skal vakte oss vel for å importere slike sharialiknande prinsipp inn i norske domstolar. Sjølv om Den islamske staten behandla menn og kvinner i IS-land som rettssubjekt med ulike rettar og plikter, sømer det seg ikkje for norske domstolar å leggje seg på ei slik linje. En myndig borgar i Noreg skal alltid vere eit fullverdig rettssubjekt for domstolane våre.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var damene som leverte gullet: Dei laga morgondagens IS-borgarar.

Den tiltalte kvinna valde å dra i denne krigen. Ho skrapa sjølv saman pengar, putta niqaben i skreppa og la i veg.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis