JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Hus og heim er mangelvare

Bustadpolitikken er for langt nede på prioriteringslista, meiner professor Einar Lie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Obos-bygg som snart er ferdige på Ulven i Oslo.

Foto: Terje Pedersen / NTB

7212
20240823

Samtalen

Einar Lie, professor i økonomisk historie

Aktuell: Høge bustad- og leigeprisar

sofie@dagogtid.no

– Kva er dei største utfordringane me står overfor i bustadpolitikken, slik du ser det?

– Det store og enkle problemet er at det blir bygd altfor lite i forhold til behovet. I Oslo-området og mange pressområde har det vore slik over lang tid. Dermed blir eit latent problem kraftig forsterka med høge prisar på dei bustadane som finst.

– Korleis hamna me her?

– Svaret på dette er samansett. Her i landet hadde me fram til 1980-talet ein bustadpolitikk. Det var eit prioritert område. Me hadde rimeleg Husbank-finansiering og god tilgang på tomter. Etter kvart avskaffa politikarane dei viktigaste verkemidla, utan å skaffe seg nye. Dette er eit politikkområde som ser ut til å ha nokså låg prioritet.

– Men me høyrer jo stadig om at det blir bygd nye studentbustadar, nye nabolag i distrikta, og Obos har store prosjekt rundt om i landet. Kan du verkeleg påstå at bustadpolitikken ikkje blir prioritert?

– Ja, bortsett frå studentbustadar så er jo ikkje det du trekker fram, eit resultat av politikk. Det blir bygd for lite, og det har vore situasjonen over lang tid. No blir det bygd ein del studentbustadar her og der, men i dei store studentbyane er det jo ein sterk mangel på bustadar. Oslo og Tromsø er i ein krevjande situasjon. Dei som ikkje får bustad i samskipnadane, er prisgitt ein privat og krevjande leigemarknad.

– Bør me gjere det enklare for unge å få bustadlån? I 1980 kunne folk tidleg i 20-åra ha råd til ei lita leilegheit, tør eg påstå etter ei rundspørjing i redaksjonen. No er det nesten utenkjeleg.

– Ja, sjølv kjøpte eg ei fin leilegheit i Oslo då eg var midt i tjueåra, til to gongar årsinntekt for ein nyutdanna. Det er ingen tvil om at det har blitt mykje dyrare. Men eg er ikkje sikker på at vegen å gå er å subsidiere lån for nokre unge. Grensa blir tilfeldig, og problemet blir skyvd vidare til andre grupper i ein bustadmarknad med generelt sterkt press.

Foto: UiO

– Du meiner me bør utvikle ein politikk for ein større og meir velregulert leigemarknad. Korleis ser du føre deg at me skal få til det?

– Slik det er no, er det fleire reglar som sterkt favoriserer eige framfor leige. Me kan byrje med å endre dette. Nokre ønskjer faktisk å leige, og det er heller ikkje noko gale i å leige i ein bestemt fase av livet. Den einsidige satsinga på eigarlinja bidreg dessutan til at nesten alle former for sosial bustadpolitikk får preg av å vere støtte til oppbygging av formue, og det er vanskeleg å støtte dette for nokre, men ikkje for alle. På same tid blir heile bustadbygginga styrt av eigarmarknaden. Så når etterspurnaden tek ein pause, stansar heile bustadbygginga opp, sjølv om etterspurnaden etter leigebustadar er stor.

– Så kven skal finansiere bustadprosjekt som favoriserer leige framfor eige?

– Det må vere dei same som finansierer bustadbygging i dag, men at ein berre finansierer for leige. Altså større profesjonelle utbyggarar, bustadlag som Obos og så vidare. Men skatte- og avskrivingsreglar i systemet favoriserer eige, og bustadbyggarane er heller ikkje kapitaliserte, slik det er i dag, for å bygge leigebustadar fordi dei er avhengige av å få inn pengar. Så det er ein lang prosess.

– Kven er dei «typiske» leigetakarane?

– Gruppa er samansett, med mange unge, og visse innvandrargrupper eig i liten grad bustad. Og det er nok ein realitet at sidan me har ein så stor del som eig, så dominerer sosioøkonomisk sett svake grupper i den norske leigemarknaden. Slik er det ikkje utan vidare i andre land, med større leigemarknad.

– Bør leigeprisane regulerast?

– Eg trur ikkje det. Men reglar bør me ha, for standard, regulering av leiga og mykje meir.

– Vil ikkje det å få fleire over på leigemarknaden føre til større økonomiske ulikskapar blant folk? Nokre tener mykje på verdiauke i bustaden, andre betaler leige til ein bustadeigar?

– Jo, slik det er no, blir det slik. Fordi me har for få bustadar, har me hatt ein kraftig vekst i verdiane for dei som eig. Ein heilskapeleg bustadpolitikk bør føre til fleire bustadar, først og fremst. Det vil stadig vere eit stort tal personar som står utanfor bustadmarknaden.

– Kan me snu det på hovudet og heller tenke korleis me kan legge til rette for at fleire skal ha råd til å kjøpe seg ein stad å bu, heller enn å leige?

– Jo da, gjerne det, men eg trur ikkje me når fram ved å heve inntektene til alle. Då må me heller spørje korleis me kan bygge fleire og rimelegare bustadar.

– Har du svaret på det spørsmålet?

– Det finst ikkje eitt enkelt svar. Noko av problemet er at bustadpolitikken stiller bak i køen på mange ulike område. Tempoet i planarbeid og prosjektering av nye bustadar er i varierande grad prioritert av kommunane. Det er andre omsyn som kjem først i køen. Bustadane er dyre på grunn av tekniske standardar, krav til universell utforming, tomtepolitikken kjem bak jordvern – det gjeld i dei store byane. Det er altså mange område der bustadpolitikken, i motsetnad til i etterkrigstida, har andre- eller tredjeprioritet.

– Kva kan me gjere?

– Eg meiner plan- og prosjekteringsarbeidet må gå raskare. Prinsippa for omlegging av område til andre føremål må me sjå på med større pragmatisme, for å få tilgang på tomter til bustadføremål. Og me burde ha ein nøyare gjennomgang av alle dei vedtektene som har gode ideelle føremål, men som bidreg til at det blir dyrare og tyngre å bygge bustadar. Det er ingen enkel måte å fikse dette på.

– Bør det offentlege ta styringa?

– Eg ser ingen grunn til at ei statleg verksemd skal bygge. Eg tenker det er rett slik det er no, at private, organisasjonar eller samvirke gjer det. Men heile bustadbygginga er jo styrt av løyve og reguleringar, som eg har nemnt. Til dømes kostnad ved infrastruktur. Er det dei nye kjøparane eller det offentlege som skal ta kostnaden? Me har gått frå at det var det offentlege som betalte, til at meir og meir blir lagt på prosjekta.

– Obos tilbyr deleige, at du kan kjøpe minimum 50 prosent av leilegheita og leige resten av Obos. Kva tenkjer du om ei slik løysing?

– Det er fint at det blir eksperimentert med slikt. Ein større variasjon er bra, sjølv om dei underliggande problema i marknaden knapt blir løyste med slike ordningar.

– Du kritiserer dei nye bustadane som blir bygde i Oslo no. Dei er tronge og mørke og har små uteområde, meiner du. Skal ein bygge ut i Nordmarka og Østmarka, då? Eller fylle opp parkane i sentrum med bustadar?

– Nei da, det er ein heil del tomter att i Oslo og omegn. Men dei blir regulerte langsamt, samstundes som bygginga no står på vent. Eg meiner nok sjølv at det er lommer i ytterkanten av Marka me kan bruke som i dag ikkje har særleg rekreasjonsverdi. Men dette er eigentleg eit sidespor, det er mogleg å nytte andre område.

– Vil du tilrå unge i dag å kjøpe eller leige?

– Viss dei kan, bør dei kjøpe, for prisane skal ganske sikkert opp på lang sikt. Men ein må nok i praksis ha foreldre som stiller opp finansielt for at det skal la seg gjere. Er ein så uheldig å ha foreldre utan sparepengar, er vegen til eigen bustad stengd for mange unge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis