Kommentar

Hovudtrendar i kommunevalet

Valet gav raud og raudgrøn botnnotering.

Valet i 2005 gav dei raudgrøne stortingsfleirtal og nær helvta av røystene. Frå venstre: parti?leiarane Kristin Halvorsen (SV), Jens Stoltenberg (Ap) og Åslaug Haga (Sp).
Valet i 2005 gav dei raudgrøne stortingsfleirtal og nær helvta av røystene. Frå venstre: parti?leiarane Kristin Halvorsen (SV), Jens Stoltenberg (Ap) og Åslaug Haga (Sp).
Publisert

Dei fyrste 24 timane etter valet måndag vart me kring hundre gonger opplyste om at «for fyrste gong på 99 år er ikkje Arbeidarpartiet lenger landets største parti» – eit langsynt blikk på valet i 1924, eit stortingsval, med ei splitta arbeidarrørsle.

Eller motsett: Hundre gonger fekk me høyra om «ei blåblå bølgje», i ei nærsynt samanlikning med førre kommuneval.

Det kuriøse eller sjølvsagde vart gjenteke og gjenteke. Lite eller ingenting vart sagt om dei meir relevante tala, dei som syner hovudtrendar over ei viss tid, ikkje fire eller 99 år, men i etterkrigstida, sidan 1945 eller 2005, trendar som ikkje berre gjeld parti, men blokker.

Kan ein relativisera tala ved å problematisera blokkinndelinga? Eigenleg ikkje. Blokkene har vore overraskande stabile gjennom etterkrigstida. Venstresida eller raud blokk er Ap og partia til venstre for Ap. Sp har vore i ymse regjeringar, men har sidan 2005 representert det grøne i det raudgrøne.

Valet måndag markerte fleire milepålar.

For fyrste gong i etterkrigstida fekk ei samla venstreside mindre enn ein tredjedel av røystene. Ap, SV, Raudt og NKP fekk no i alt 32,0 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement