Sideblikk
Hovudstaden er eit annleisland
Det blei eit miljøval som slo ulikt ut Noreg rundt og auka avstanden mellom by og land.
MDG-leiar Une Bastholm omringa av nokre som må snakke saman, etter partileiardebatten på Stortinget valnatta. Frå venstre Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, SV-leiar Audun Lysbakken, Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB
Kommentariatet, politiske analytikarar og valforskarar bomma på stemningar og marginar. Dei er miljøskadde og tolka tal og tendensar feil. Diagnosen var at den tikkande klimabomba ville detonera og prega valet – med stor framgang for dei grønaste partia.
Slik gjekk det ikkje. By og land gjekk ikkje hand i hand. Trykkbølgja og ekkoet av den grøne eksplosjonen i dei store byane med kollektivtransport og syklande vegetarianarar var frykt for tap av arbeidsplassar og den velsigna bilen i distrikta. Høgre mista klimaveljarar til Venstre i byane, men i sluttfasen særleg til det sylvifiserte Framstegspartiet, som leita fram oljerelaterte røyster.
GRØNT ER BLITT ein urban farge. Det er Oslo som er annleis, demografisk og verdimessig.
I hovudstaden gjekk dei fire klimapartia av varierande grønfarge sterkt fram og fekk 40 prosent av røystene. Utanfor dei større byane fekk dei berre 15 prosent. MDG fekk to representantar i Oslo og éin i Akershus. På utjamningsmandat fekk Venstre inn ein distriktspsykopat, men om dei hadde fått eit par titusen færre røyster og falle under sperregrensa, hadde det gamle distriktspartiet vore låst fast i Oslo og omland.
KLASSEDIMENSJONEN sette også spor i Oslo. Det mellomlagifiserte Arbeidarpartiet gjekk mest tilbake, og mest i aust der SV og Raudt hadde stor framgang. Det er innvandrartette bydelar som Arbeidarpartiet tidlegare har hatt eit visst grep om, med Jan Bøhler som frontfigur. Etter å ha justert kurs og retorikk det siste halvåret tok det balanserande Arbeidarpartiet seg kraftig inn i distrikta, særleg i nord.
Like fullt står det fast at rifta i landet er blitt djupare mellom by og land, sentrum og periferi, elite og folk flest, med sentralisering og ei utbreidd kjensle av å bli overstyrt. Nett det som har vore Trygve Slagsvold Vedums forteljing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.