Utanriks
Høgre-vind mot separatisme
Ytre høgre-partiet Vox gjorde det svært godt i det spanske parlamentsvalet. Årsaka er motstanden mot katalansk sjølvstende, seier Spania-kjennar.
Den 43 år gamle partileiaren Santiago Abascal omtalar partiet Vox som ei kulturell og politisk rørsle som vernar Spania mot separatistar og forsvarar fridomar som «har vorte trampa på» av progressive og venstreorienterte. Sundag tok han 10,3 prosent av røystene i det spanske parlamentsvalet.
Foto: Susana Vera / REUTERS / NTB scanpix
Spanjolane har fått eit ytre høgre inn i parlamentet for fyrste gong sidan diktator Francisco Franco, men har dei eigentleg gått meir til høgre? Resultatet av parlamentsvalet sundag gjev ikkje noko eintydig svar.
Sosialistpartiet PSOE, som har regjert sidan i fjor sommar, vart valvinnar og gjekk fram med over 6 prosentpoeng. Partiet fekk nær 29 prosent av røystene og 35 prosent av plassane i parlamentet.
Statsminister og leiar av partiet, Pedro Sánchez, erklærte overfor støttespelarane at resultatet var ein siger over «dei reaksjonære og dei autoritære».
– Framtida har vunne, og fortida har tapt, sa han like etter valet, ifølgje Financial Times.
Men samstundes kom ytre høgre-partiet Vox inn i parlamentet for fyrste gong og tok 24 av dei 350 seta. Partiet auka oppslutninga frå 0,2 prosent frå førre val i 2016 til 10,3 prosent i år.
Braut gjennom i sør
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.