Sideblikk

Høgre får stadig styringstillegg

Ap-veljarar flest hadde venta meir handfast krisepolitikk med pålegg om vatn i magasina.

Erna Solberg tener på at statsminister Jonas Gahr Støre listar seg rundt krisene han har fått i fanget.
Erna Solberg tener på at statsminister Jonas Gahr Støre listar seg rundt krisene han har fått i fanget.Erna Solberg tener på at statsminister Jonas Gahr Støre listar seg rundt krisene han har fått i fanget.
Publisert

Senterpartiet fekk ikkje nyta kjærleikens ferjereiser lenge, sjølv om ferjene er blitt gratis til øyer i grisgrendte strok, bøndene har fått eit godt oppgjer og Viken er oppløyst. Dei sakene er ikkje i sentrum lenger, og veljarar som kjem lett, forsvinn lett. Lojalitet er ferskvare.

Justisminister Emilie Enger Mehl (frå retroserien Anno og Kompani Lauritzen) seier til Dagens Næringsliv at om ho skulle hatt ein motivasjonsplakat på departementsveggen, ville teksten ha vore: «Det kan alltid bli verre.»

Parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad blir, for å skjerma Vedum og Arnstad, stadig utkommandert for å forklara dårlege målingar. Han skuldar på at nødvendige, ansvarlege og krevjande sparetiltak skaper frustrasjon og slitasje hos
veljarane og skuggar for heilskapen og løyner rentedjevelen. Det handlar også om at regjeringa har utfordra mektige interesser og elitar i det norske samfunnet.

DETTE TRUR VERTINNA lite på. Ho høyrde til dei som lét seg lokka av bygdenes samlingsparti – til det var for seint å angra. Ho meiner at Senterpartiet, som elles plar vera eit jordnært parti, fall for eige løftegrep i jakta på flytande protestveljarar.

Vertinna har ei lang fortid som tvilande Venstre-veljar, men dit er det ingen veg tilbake, for Venstre er blitt eit storbyparti som vil inn i EU, ta ein legalisert joint og bruka dei store pengane på bytrafikk og kostbare stasbygg. Det er ikkje ho som har svikta Venstre – det er Venstre som har tatt ein overdose og svikta henne og distrikta. Ho sit ikkje på gjerdet; ho har sett seg godt til rette i sofaen.

ARBEIDARPARTIET HAR stadig sviktande kontroll i personalpolitikken. Trond Giske var erklært politisk død, men han vil ikkje legga seg ned. Som ein annan helgenkonge i Nidaros får han stadig fleire følgjesveinar, som han kjem til å bruka når tida er mogen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement