Høgfartsbanar og motorvegar kostarAuka fart kostar. Det kjem av enkle fysiske lover. Mange meiner at ei satsing på auka fart er framtidsretta. Tesla kjem no med
At det er dyrt å auka farten, kjem av enkle fysiske lover.
Det franske snøggtoget TGV, som her er på veg ut frå München, kostar for mykje.
Foto: Diether Endlicher / NTB scanpix
Mange meiner at ei satsing på auka fart er framtidsretta. Tesla kjem no med Model S som har over 600 hestekrefter, ei toppfart på 250 km/t og ei vekt på 2,2 tonn. På småturar med bilen dreg me med oss ein batteripakke som veg godt over 700 kilo. Somme meiner at dette er eit «grønt skifte».
Om farten vert dobla, treng me fire gonger så lange lengder for bremsing og akselerasjon. Me får vegar med ei stiv linjeføring og strenge krav til stigning. Det gjev store naturinngrep og krev meir areal, også dyrka jord. Auka fart gjev større motstand i luft og vatn, og krev meir energi. Klimautsleppa aukar. Også av di me, med auka fart, reiser lenger. Mykje lenger.
Høgfartsbanar
Dette gjeld også høgfartsbanar. Eit sideblikk til Frankrike: Snøggtoget TVG – Train à Grande Vitesse – har vore eit nasjonalt symbol for moderne teknologi, med høg status. Nyleg vart det opna ei TVG-line mot vest, frå Paris til byen Rennes. Dette vert den siste lina. Det er semje om at det ikkje skal byggjast fleire. Dei kostar for mykje.
Frankrike er nok eit ideelt land for høgfartstog: godt arrondert, med lett terreng og store byområde. Men no, etter 2647 kilometer TVG-liner, er det nok. Det er nær 13 gonger så mange franskmenn som nordmenn. Med same satsing per nordmann skulle me då her kunna byggja litt over 200 kilometer. Eller helst mindre, i vårt vanskelege terreng. Tunnelane våre, til dømes, må ha større tverrsnitt: Høg fart krev større avstand mellom spora.
Den franske riksrevisjonen kom nyleg med ein rapport, med fleire kritiske merknader til TVG-satsinga. Banane gjev svak lønsemd, og gjelda er stor. Her er for mange stopp – i alt 230 stasjonar i eit land med 67 million innbyggjarar. Og tyngda av inntektene for dei franske statsbanane kjem frå trafikken på det vanlege linjenettet. Dette nettet har vore neglisjert i 30 år, i all eufori kring TVG og høg fart. Der er det no eit stort etterslep når det gjeld vedlikehald og fornying.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.