Hoffet til kong DonaldOmgjeven av stridande klikkar og intrigar regjerer Trump som ein notidas George III.
Omgjeven av stridande klikkar og intrigar regjerer Trump som ein notidas George III. For å skjøne dette lyt USA innsjå at dei no har ein vald monark.
Emiren av Kuwait, Sabah Al-Ahmad Al-Jaber Al-Sabah, tek presidenten i USA, Donald Trump, i handa i eit møte i Riyadh i Saudi-Arabia søndag 21. mai.
Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix
I månadsvis har eg vore irritert på kommentatorar som har trekt misleiande historiske analogiar om presidentskapen til Donald Trump. På den eine sida er det dei hysteriske akademikarane som insisterer på at Trump er Adolf Hitler eller Benito Mussolini, og at vi er på randa til amerikansk tyranni. På den andre er det dei feberråka journalistane som er overtydde om at Trump er Richard Nixon og at dette er deira Watergate.
Sjølvsagt kan ikkje begge analogiane vere rette: Du er ikkje mykje til tyrann om dei planlegg riksrett mot deg berre seks månader etter at du er vald. Men slik eg ser det, er begge analogiane feilaktige.
Å finne den rette analogien krev av og til at ein forlèt det altfor kjende 20. hundreåret. For Trump er ikkje, trass i den krasse 1980-stilen han har, ein eigentleg moderne figur. For å skjøne knipa hans – og vår – må du innsjå at han verkeleg er oppsett på å gjere «America Great Britain again», om kan hende uforvarande.
Det slo meg førre veka: Trump, som hadde ei skotsk mor som var ihuga monarkist til sin døyande dag, er ein notidas George III. Amerikanarane har i to og eit halvt hundreår trudd at dei vart kvitt monarkiet då dei erklærte seg uavhengige av Storbritannia i 1776 og klekte ut ei republikansk grunnlov til seg sjølve. Dei tok feil.
Som den amerikanske statsmannen Alexander Hamilton (1757–1804) alltid forstod, er presidentskapen som institusjon i røynda eit folkevalt monarki. Likevel, det er først no amerikanarane har valt ein instinktivt monarkisk figur til president.
Uvande med å studere monarkiet har profesjonelle kommentatorar av amerikansk politikk oversett dette slåande innlysande trekket ved Trumps personlegdom. Dei insisterer – inntil det keisame – på at han burde opptre meir «presidentially». Det vil i praksis seie at han underkastar seg formene og prosedyrane til Det kvite huset som det siste halve hundreåret er blitt nesten komisk byråkratisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.