JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Hjerneflukt frå Russland

100.000 høgt utdanna IT-arbeidarar har sidan invasjonen i Ukraina rømt frå Russland. Andre yrkesgrupper følgjer etter. Dette er truleg den største politiske utvandringa frå Russland sidan 1920-åra, seier ekspertar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Passasjerar går om bord i snøggtoget frå St. Petersburg til Helsingfors 27. mars i år. Dette var siste avgang for Allegro-toget på denne strekninga før ruta vart mellombels nedlagd.

Foto: AP / NTB

10036
20220520
10036
20220520

Utanriks

redaksjonen@dagogtid.no

Eit par skift med undertøy, medisin, joggebukser og ei notisbok der foreldra hadde skrive ned dei første orda han sa da han var liten gut. Det var alt Aleksander Fuks (56) pakka med seg i ryggsekken då han reiste frå Russland halvanna veke etter at krigen i Ukraina starta.

Natt til 24. februar gjekk Russland til angrepskrig mot nabolandet. Same dag byrja vener og slektningar i utlandet å sende klare meldingar til Fuks: Kom deg ut så fort som råd!

Frykt

Fuks, utdanna skodespelar og med lang fartstid som skribent og journalist, forstod at dei hadde rett. Vilkåra for ytringsfridomen i Russland gjekk frå vanskelege til håplause. Ei rekkje restriktive, hasteinnførte lovar ville i praksis gjere jobben hans i lokalavisa umogleg å utføre skikkeleg. På grunn av ulike gjeremål heime i Russland måtte han utsette avreisetidspunktet nokre dagar. Men 1. mars byrja det å gå rykte om at president Putin ville innføre unntakslovar og stenge grensene. Fuks, som framleis er i militærtenestedyktig alder, byrja få dårleg tid. Det var det fleire som hadde. Alle avgangane på hurtigtoget mellom St. Petersburg og Helsingfors, også kalla den russiske opposisjonens livsline til Vesten, i mange dagar framover var utselt. Og med eit stengt luftrom var det få andre alternativ for å kome seg ut av Russland.

Fuks klarte å kome seg på det siste toget ut av Russland til Finland sundag 6. mars. Det finske jernbaneselskapet Allegro hadde avgjort å innstille ruta frå og med måndag 7. mars. Ved sida av han i kupeen sat ei russisk kvinne busett i Frankrike. Ho hadde sendt borna sine til besteforeldra i Russland, men då krigen braut ut, reiste ho tilbake så snart som råd for å hente dei ut.

Hjelpeløysa

Familien til Fuks på farssida er frå Odesa i Ukraina. Mora frå Kviterussland. Etternamnet er tysk-jødisk. Fuks er fødd og vaksen opp i den nordrussiske byen Petrozavodsk. No kjenner han seg ikkje heime i sitt eige land.

– Det er stort sett intelligentsiaen som reiser: journalistar, forfattarar, regissørar. Personar med eit grunnleggjande behov for ytringsfridom. Desse menneska reiser frå hjelpeløysa, for dei veit at dei ikkje kan endre noko, seier Fuks.

No er han i Los Angeles i USA, der resten av storfamilien hans har budd sidan midten av 1990-åra. Han drøymer om å kome heim att til leilegheita og det russiske livet sitt, men innser at det kan gå mange år før han igjen kan reise til Russland.

Revolusjonen

I starten av mai publiserte det statlege russiske statistikkbyrået Rosdata tal som viser at 3,8 millionar russarar reiste ut av landet dei tre første månadene i år. Tala kjem frå FSB, tryggings­tenesta som også har ansvaret for grensekontrollen. Dette gjeld alle typar grensepasseringar, som forretningsreisande, turistar og russarar som besøkjer familie i utlandet.

Mange av desse har reist tilbake, men langt frå alle, fortel Andrej Soldatov og Irina Borogan, ekspertar på russisk tryggingsteneste og sjølv busette i eksil i London. Eg møter dei to på ein journalistkonferanse i den austfinske byen Joensuu no i midten av mai. Ved å sjå nærare på kvar dei 3,8 millionar russarane har reist, og samanlikne tala med tidlegare års statistikk, meiner dei å sjå migrasjon av ein storleik som Russland ikkje har sett maken til sidan oktoberrevolusjonen i 1917. I åra som følgde forlét rundt tre millionar menneske eit Russland i borgarkrig og den nye sovjetstaten. Dei fleste som reiste, var soldatar og folk frå overklassen.

Tal frå Rosdata viser at mellom fire og fem millionar russarar har forlate heimlandet sidan år 2000, det same året president Putin kom til makta første gong. Dei siste åra har rundt 300.000 menneske kvart år emigrert frå Russland, rundt halvparten til land i Samveldet av uavhengige statar, samansett av ni tidlegare sovjetrepublikkar, medan resten reiste til andre land i verda

Men noko spesielt har skjedd i Russland i 2022, påpeikar Borogan og Soldatov: I tillegg til folk frå alle samfunnslag som er redde for å bli mobiliserte til krigen i Ukraina, er det særleg visse grupper av russarar som no reiser: Det er IT-spesialistar, journalistar og aktivistar, den liberale intelligentsiaen og forretningsmenn og leiarar av store selskap, også statlege. Alle desse gruppene har høg utdanning og gode inntekter.

Kvar dag dei to første vekene av krigen kom 6.000 russiske statsborgarar til Armenia, og 25.000 drog til Georgia. Innan slutten av mars hadde Kasakhstan tatt imot 60.000. Dette er høge tal jamført med det som er vanleg. Felles for alle desse tre landa er at dei ikkje krev visum av russiske statsborgarar. For å reise til Armenia treng russarar ikkje eingong pass, det held med russisk ID-kort.

Unge emigrantar

55 prosent av dei som reiste frå Russland i perioden 2000–2021 var mellom 30 og 40 år, viser ein rapport om migrasjon frå Komiteen for samfunnsinitiativ. Dette vert stadfesta av andre rapporter, melder den uavhengige analyse- og nyhendenettstaden Totsjno.su, der blant anna Novaja Gazeta-journalistar bidreg. 12 prosent av dei som drog, var under 30 år. 92 prosent hadde høgare utdanning. 45 prosent av nye russiske emigrantar undersøkt av forskingsorganisasjonen Atlantic Union hadde fagbrev eller bachelorgrad ved avreise, 36 prosent hadde master- eller ph.d.-grad.

En tredjedel er sjølvstendig næringsdrivande, som frilansar, gründer eller eigar av selskap. Halvparten er spesialistar.

Konsekvensane for Russland på kort og lang sikt er alvorlege, seier Soldatov og Borogan.

Soldatov vel å setje situasjonen på spissen:

– Plutseleg har Russland blitt eit land utan hjernar, seier han.

Store tap

Den russiske databransjen er særleg hardt råka av emigrasjonen. Sensur og vestlege sanksjonar har gjort det umogleg for IT-folk å halde fram å jobbe for globale selskap frå Russland. Denne sektoren er stor i landet. Spesielt i hovudstaden Moskva er det bygd opp store datafaglege miljø, med høgt kompetente programmerarar og ingeniørar. Det er estimert at minst 100.000 IT-arbeidarar har reist frå Russland i år, ifølgje den russiske organisasjonen for elektronisk kommunikasjon. Ytterlegare 70.000 er venta å reise i nær framtid, fortel Irina Borogan, som meiner dette er ein dobbel fordel for dei vestlege landa.

– Først får vestlege land tilgang på nokre av dei beste russiske IT-folka. Dernest blir den russiske staten taparen, fordi staten ikkje får tak i kvalifisert arbeidskraft. Dei beste har reist. Dei som er att, er ikkje dei smartaste, seier Borogan.

Russland er kjent for å utdanne svært gode ingeniørar og informatikarar og har vore eit land der lokale internettselskap har klart å konkurrere med globale kjemper som Google og Facebook. Før krigen i Ukraina jobba mange datafolk for utanlandske selskap, særleg for amerikanske, noko som er umogleg med dagens situasjon. Dei vestlege selskapa trekkjer seg ut av Russland, og store delar av det russiske banksystemet er råka av vestlege sanksjonar, skriv Soldatov og Borogan i siste utgåve av Foreign Affairs.

Eksil

For 18 månader sidan måtte Borogan og Soldatov sjølv reise frå heimlandet. Dei siste 20 åra har ekteparet jobba som journalistar med dei russiske hemmelege tenestene som spesialfelt. Dei har skrive fleire bøker om den føderale tryggingstenesta FSB. I 2020 kom det ei ny lov som gjorde det ulovleg å publisere noko som helst om Russlands tryggingstenester.

Borogan og Soldatov bur no i London og driv nettstaden Agentura.ru, der dei skriv om både tryggingstenesta FSB, den russiske sivile utanlandsetterretninga SVR og den militære etterretninga GRU. Soldatov og Borogan skriv jamleg for internasjonale magasin og aviser og er ofte brukte som ekspertkjelder på Russlands hemmelege tenester. Soldatov og Borogan fortel at dei fleste av venene deira har reist frå Russland.

– Det er lettare for oss å fortelje kven som er att enn å fortelje kven som har reist, seier Borogan.

Soldatov fortel at den einaste perioden i moderne russisk historie utan politisk migrasjon var på 1990-talet. Under president Boris Jeltsin var det ingen som trong reise på grunn av politisk undertrykking. Men då Putin kom til makta i år 2000, vart «politisk undertrykking» gjeninnført, fortel Soldatov.

– Dei første som reiste, var nokre av oligarkane. Dei var ikkje mange, og dette fekk ikkje stor merksemd, seier Soldatov.

Den neste store bølgja kom i 2012. Russland var då gjenstand for store demonstrasjonar etter parlamentsvalet i 2011. Etter den russiske annekteringa av Krim i 2014 kom neste store bølgje av politiske flyktningar, i all hovudsak menneskerettsforkjemparar, journalistar og den liberale opposisjonen.

Men det som no skjer i Russland, saknar sidestykke i historia.

Ikkje pengane

– Om alle dei dyktigaste folka reiser frå Russland, kven skal vere att for å bidra til dei endringane som samfunnet treng?

– Det er eit godt spørsmål. Og vi vonar framleis at døra skal opne seg, og at den politiske situasjonen vert endra slik at det blir mogleg å dra tilbake. Dei fleste som har reist, ønskjer å gjere det dei kan for å gjere heimlandet sitt betre, seier Soldatov.

– Det er viktig å hugse på at dei som no har reist, ikkje har gjort det av økonomiske årsaker. Mange av dei som har reist i år, hadde eit komfortabelt liv i Moskva og St. Petersburg, gode jobbar med høge løner og flott datsja utanfor byen.

– Kva skjer om de reiser tilbake no?

­– Då vert vi sette i fengsel. Alt vi held på med, er ulovleg, seier Borogan.

Lik sovjettida

Aleksander Fuks meiner dagens politiske situasjon i Russland er lik sovjettida. Den gongen var det ikkje lov å skrive kritisk om makta. Den einaste måten å overleve på var å innordne seg etter maktapparatet.

Lova om inntil 15 års fengsel for å «spreie falsk informasjon» om dei russiske væpna styrkane i Ukraina var ei endeleg stadfesting for Fuks av kva retning landet hans no er på veg i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis