Historisk naturavtale

Innan 2030 skal 30 prosent av verda vernast.

Publisert

Verda har fått ein naturavtale etter at dei 196 partane i FNs biomangfaldskonvensjon (CBD) måndag klarte å einast om ein felles tekst. Det overordna målet i avtalen er å stogge og reversere tapet av natur innan 2030. Avtalen har 23 handlingsmål. Det mest ambisiøse er 30*30-målet, som inneber at 30 prosent av hav- og landareala i verda skal vernast innan 2030.

Alle måla skal nåast innan 2030. Dei viktigaste måla er:

l Beskytte og verne 30 prosent av hav- og landareala i verda

l Underleggje 30 prosent av øydelagde naturområde restaureringstiltak

l Skaffe minst 200 milliardar dollar årleg til finansiering av naturmangfaldstiltak (dobbelt så mykje som under klimaavtalen). 30 av desse milliardane skal komme frå industrilanda

l Innan 2025 skal partane ha kartlagt subsidiar som medfører naturskade. Desse skal kuttast med 500 milliardar dollar årleg innan 2030

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement