JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Historielause
læreplanar

Istida, dansketida, den franske revolusjonen, 17. mai og velferdsstaten treng ikkje norske elevar lenger å kunne noko om, ifølgje skissene til nye læreplanar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå hausten 2020 skal elevar i grunnskulen og vidaregåande få nye læreplanar i fleire fag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

9551
20181123
9551
20181123

Utdanning

eva@dagogtid.no

Skal norsk historie ut av skulen, spør historielærar og lærebokforfattar Øyvind Andresen i kronikken på neste side. Skal geografi ut av skulen, kunne han òg ha spurt.

Ut frå skissene til nye læreplanar for samfunnsfag, historie og geografi som Utdanningsdirektoratet nett har hatt ute på høyring, skal alle felles referanserammer for samfunnsfag, historie, geografi og samfunnskunnskap ut av skulen. Dei inneheld nemleg ingen referansar til verken kartverk eller krigar, nasjonsbygging, revolusjonar, historiske epokar eller solsystem.

Vert skissene ståande, kjem det frå 2020 ikkje lenger til å vere eit uttrykt mål at elevane frå 1. til 4. klasse skal lære om steinalderen, bronsealderen og jernalderen. Målet vert i staden at dei skal «utforske og samtale om historiske og geografiske føresetnader for busetjing og næringsliv» – utan nærare rammer eller tidfesting.

Dei treng heller ikkje lære kvifor vi feirar 17. mai, 6. februar og andre lands nasjonaldagar. I staden skal dei kunne å «gjennomføre demokratiske prosessar og reflektere over kva demokrati inneber». Å lære kvar Noreg og andre land, verdshava og verdsdelane er på kartet, er heller ikkje eit kompetansemål for framtida. Elevane i grunnskulen skal etter skissa i staden lære å «forstå seg sjølv i tid og rom gjennom å utvikle kronologiske framstillingar».

Frå innhald til form

Og det stoppar ikkje i grunnskulen. Kompetansemåla for samfunnsfaga på mellomtrinnet, ungdomsskulen og vidaregåande skule er gjort tilsvarande generelle og prosessorienterte i dei nye læreplanskissene.

Elevar på mellomtrinnet treng ikkje lenger lære om greske og romerske samfunn i antikken eller om mellomalderen, renessansen og opplysningstida. Dei treng heller ikkje lære kva istida hadde å seie for danning av landskap, eller om sentrale motsetnader mellom dei politiske partia, slik læreplanen i dag seier. Like eins er framveksten av velferdsstaten, den franske revolusjonen og kolonialisme og imperialisme føreslegne tekne ut av kompetansemåla for elevane i ungdomsskulen.

Dei nye måla seier at elevane skal kunne «gjere greie for historiske føresetnader for framveksten av demokrati som styreform fram til vår eiga tid». Dei skal kunne «samanlikne ulike styreformer» og «delta aktivt i samfunnsdebatten lokalt, nasjonalt og globalt».

Kva faktiske forhold og hendingar elevane lærer noko om, verkar underordna, så lenge dei utviklar evna til å gjere greie for, samanlikne og delta.

Fryktar ulikskap

Nye læreplanar er del av ei fornying av faga i skulen, som vart vedteken i 2016. Målet med endringane er at elevane skal få meir djuplæring og betre forståing for faga, ifølgje regjeringa.

Øyvind Andresen er ikkje åleine om å reagere. «Slik kompetansemålene i læreplanen framstår nå, kan man som lærer velge å helt se bort fra eldre historie», skriv fagutvalet for historie i Norsk Lektorlag i sitt innspel til Utdanningsdirektoratet om læreplanen i historie for vidaregåande skule.

Ifølgje eit fagnettverk i Rogaland fylkeskommune kan alle kompetansemåla i læreplanen for historie for vidaregåande skule brukast på eitt og same tema. Nokre klassar kan dermed stoppe opp ved berre nokre få tema, meiner dei.

«Det vil bli vilkårlig hva elevene sitter igjen med, alt avhengig av hva den enkelte lærer velger å fokusere på», skriv eit fagnettverk i Trøndelag fylkeskommune om læreplanen for samfunnskunnskap i vidaregåande.

– Innhaldet manglar

Utdanningsdirektoratet har òg fått innspel om at det er lærebokforfattarane og forlaga som i praksis kjem til å få styre og definere innhaldet i samfunnsfaga dersom læreplanskissene vert ståande. Stavanger kommune meiner det særleg gjeld på dei lågare trinna, der lærarane ikkje alltid har tung fagkompetanse, og må støtte seg på lærebøkene om ikkje kompetansemåla gjev retning for innhaldet.

«Synest du læreplanskissa generelt gir tydeleg retning for det elevane skal lære i faget?» spør Utdanningsdirektoratet høyringsinstansane.

«I all hovudsak nei», svarar Høgskulen på Vestlandet om læreplanen for grunnskulen.

«Det er vanskelig å vurdere om det gir tydelig retning når så pass mye av innholdet mangler», svarar Stavanger kommune.

– Etnifisering av samar

Det einaste som vert spesifikt nemnt i ei rekkje kompetansemål, er at elevar i den norske skulen skal lære om samane. Her går læreplanskissene til gjengjeld ganske grundig til verks. Tre av dei 18 kompetansemåla for elevane i barneskulen handlar om samisk historie, samisk kultur og levesett. Det same gjeld for fem av 17 mål for elevar på mellomtrinnet.

Elevar i barneskulen skal «forstå bakgrunnen for at samar blir rekna som urfolk». På mellomtrinnet skal elevane mellom anna «drøfte ulike kulturelle perspektiv, inkludert samiske, på kva som blir rekna for eit godt liv» og «utforske ressursbruk lokalt, nasjonalt, globalt og i samiske samfunn og drøfte om ressursbruken er berekraftig».

Her har det bikka over, meiner nokre av høyringsinstansane.

«Slik læreplanen fremstår nå, leser vi en etnifisering av samer som gruppe», skriv Stavanger kommune.

«Det kan virke som om omfanget av samisk i læreplanutkastet har ført til at annet sentralt innhold i læreplan har blitt skjøvet ut», skriv Universitetet i Søraust-Noreg.

Kan gjere endringar

– Dei nye læreplanskissene er enno i ein tidleg fase, seier avdelingsleiar Hedda Huse i Utdanningsdirektoratet.

Endelege forslag skal ut på ny høyring før dei skal vedtakast, og deretter tre i kraft frå hausten 2020.

– Vi har hatt ein tidleg innspelsrunde for å få konkrete råd til den vidare prosessen og for å kunne gjere endringar, seier Huse.

Om det vert store endringar, er ifølgje henne for tidleg å seie. Høyringsrunden er nett ferdig. Direktoratet fekk inn 970 innspel berre til læreplanane for samfunnsfag, historie og geografi og samfunnskunnskap.

Det er eksterne læreplangrupper, sette saman av lærarar, representantar frå universitets- og høgskulesektoren og personar med annan relevant fagkompetanse, som har laga forslaga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Desse gruppene skal framover jobbe vidare med læreplanane. Det er føringar om å gje faga meir relevant innhald for tida som elevane lever i, gjere tydelege prioriteringar i faga og leggje til rette for meir djuplæring, ifølgje Huse.

– Det meste av referansar til konkrete historiske og geografiske hendingar er kutta vekk frå kompetansemåla. Er det ikkje viktig at elevane har nokre felles referanserammer i desse faga?

– Samfunnsfaget i grunnskulen skal framleis vere sett saman av historie, geografi og samfunnskunnskap. Dette er ei av føringane vi jobbar etter. Samstundes er det å finne ein god balanse mellom ei tydeleg retning i innhald og stort nok handlingsrom for lærarar og skular til å gjere sine tilpassingar, alltid ei problemstilling og ei utfordring i læreplanarbeidet. Vi har fått mange innspel om dette, og det er ulike meiningar om saka. Det er noko vi må sjå nærare på framover og vurdere for ulike fag og ulike tema. For å leggje betre til rette for djuplæring er det ikkje alle tema vi skal prioritere, seier ho.

– Noko må ut

Tidlegare fyrsteamanuensis ved avdelinga for lærarutdanning ved Høgskolen i Østfold, Erik Lund, har skrive lærebøker i historie for grunnskulen. Han har også forfatta boka Historiedidaktikk, som vert omtalt som ein klassikar for historielærarar og lærarstudentar.

Lund har sendt høyringsinnspel om læreplanskissa for historie for vidaregåande skule. Han er ganske viss på at læreplanutvalet kjem til å verte pålagt å inkludere meir konkret realhistorisk stoff i kompetansemåla.

– Historielærarane vil trenge meir handfast rettleiing i val og bortval av realhistorisk innhald, skriv han.

– Skissa som ligg føre, går svært radikalt til verks i å gjere historiefaget til eit metode- og omgrepsfag. Det har vore ei line i norsk læreplanutvikling over fleire år. Problemet no er at det substansielle innhaldet som omgrep og metode skal brukast på, er fjerna. Eg brukar å syne til at det er to typar kunnskap i historie. Det er «vite at-kunnskap» og «vite korleis-kunnskap». Desse har eit symbiotisk forhold. Det går ikkje å snakke om korleis vi kan vite, om vi ikkje veit noko. Skissa krasjar mot den alminnelege oppfatninga av kva historiefaget skal vere. Det er ganske sikkert at både opinionen og styresmaktene vil krevje at læreplanen skal ha meir realhistorisk innhald. Dette kan neppe berre overlatast til rettleiande tilleggsmateriale, seier Lund.

Samstundes meiner han at tida er inne for å gjere nokre radikale grep i læreplanane.

– Ønsket frå politikarane har vore at elevane skal gå meir i djupna. Det kan dei ikkje om ein samstundes skal dekkje alle temaa som vanlegvis har vore dekte. Djupn krev at noko av det læreplanen i dag dekkjer, må ut. Kravet om djupn i historiefaget stiller samstundes nye krav til korleis oversikt og samanheng skal takast vare på. Når meir tid skal brukast på færre emne, er det stor fare for at elevane vert sitjande att med eit fragmentarisk bilete av fortida. Læreplanutkastet lanserer «store spørsmål» som kan vere ein ny måte å kombinere djupn og oversikt på, men her står det att mykje arbeid, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har hatt ein tidleg innspelsrunde for å få konkrete råd.

Hedda Huse, Utdanningsdirektoratet

«Det er vanskelig å vurdere om det gir tydelig retning når så pass mye av innholdet mangler.»

Stavanger kommune i innspel til læreplanskisse

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis