Hevdar vindkraft er naturvern
Klimaendringane er eit større trugsmål mot norsk natur enn vindturbinane er, meiner Marius Holm i Zero.
Vindparken på Smøla var i 2005 den største i sitt slag i Europa. Den planlagde vindsatsinga i Noreg no er av ein heilt annan skala.
Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix
Noreg er i ferd med å bli eit vindkraftland. I 2017 produserte vindturbinar litt under tre terawattimar (TWh) her i landet, det vil seie 1,9 prosent av straumproduksjonen. Men dei neste åra kjem talet på vindturbinar i Noreg til å bli mangedobla. Om alle vindparkane Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve konsesjonar til, blir bygde, tilsvarer det ein årsproduksjon på kring 26 TWh. Vindsatsinga møter no sterk motvind. Naturvernforbundet og Den Norske Turistforening er svært kritiske, og det er sterk lokal motstand mot mange av dei planlagde vindparkane.
– Det er lett å skjøne at folk ikkje har lyst på naturinngrep i nærområda sine, seier Marius Holm.
Han er dagleg leiar for miljøstiftinga Zero, som har vore pådrivarar for vindkraftutbygging i Noreg i mange år.
– Vi har ei stor utfordring: Vi skal gå frå fossil energiproduksjon, som er usynleg for dei fleste, men øydelegg miljøet, til ein energiproduksjon som er svært synleg lokalt, men ikkje øydelegg miljøet. Eg forstår at det visuelle har mykje å seie for mange. Miljøskadane frå klimagassutslepp er mindre synlege. Det er noko som råkar hardast andre stader i verda, og dei verste skadane ligg fram i tid.
– Er striden om vindkrafta ein konflikt mellom miljøvern og naturvern?
– Nei, det meiner eg er feil. Det er ein konflikt mellom ulike typar natur- og miljøomsyn. Klimaendringane er eit mykje større trugsmål mot naturen enn vindturbinane. Samtidig har urørte landskap òg stor verdi. Men det er ikkje rett å seie at fossil energi er betre for naturen, for klimaendringane trugar også den urørte naturen i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.