Heroisk i forsvar, giftig i angrepRussland har grunn til å kjenna seg innringa og utstøytt. Derfor gjer fotball-VM så godt.
Russland har grunn til å kjenna seg innringa og utstøytt. Derfor gjer fotball-VM så godt.
Russisk fotball har rykt opp att frå tredje divisjon til eliteserien med Putin som landslagstrenar.
Foto: Carl Recine/Reuters/NTB scanpix
Russland spelar kvartfinale mot Kroatia laurdag. Dei forsvarer den slaviske og ortodokse æra etter at dei serbiske vennene deira blei slått ut i krigsspelet. Kroatia er objektivt sett eit betre lag – bortsett frå at «objektiv» kvalitet og fortente og ufortente sigrar ikkje har nokon plass i fotballkampar. Korleis kunne me elles hatt Drillo-epoken, då Noreg under leiing av ein maoistisk gammalkommunist var oppe på andreplass i FIFA-rankinga?
Om me liker det eller ikkje, har russarane kome så langt på gamle Lenin stadion fordi dei spelar norsk, og slik me jublar for når Island og andre nordiske lag gjer det godt: betre til å bryta ned gode motstandarar enn å skapa sjølv, heilhjarta og heroisk innsats, få tekniske finessar, streng disiplin på bana, solide posisjoneringar, velorganisert forsvarsmur og tettpakka soneforsvar, farlege dødballar, Flo-pasningar, raske, giftige og direkte motangrep.
RUSSLAND SIGRA på straffe i åttedelsfinalen etter at Spania hadde brodert og hatt ballen 75 prosent av tida. Utan omsyn til korleis det går mot Kroatia og eventuelt vidare i turneringa, har Russland gjort det mykje betre enn nokon hadde trudd – inkludert dei sjølve. Dei er gode til å halda ut. Dei har rykt opp att frå tredje divisjon til eliteserien med Putin som landslagstrenar. Utanfor Kreml feira folket like heftig som 9. mai 1945.
I bakgrunnen av det plettfrie arrangementet held regimet demonstrerande pensjonistar på trygg avstand frå fotballbyane, og Putin solar seg i glansen med FIFA-oligarkane. Var det nokon som nemnde Krim eller Donetsk? Eller minnest at nokre vestlege notabilitetar visstnok held seg heime i protest?
OM EG VAR RUSSAR – ikkje ein manipulert putinist eller ein ekstrem og ortodoks nasjonalist og ekspansjonist som trur Russland har eit spesielt kall, men ein opplyst og opplesen russar som kan si historie – ville eg ha jubla med. Eg ville gått inn i mi tid og følt at nasjonen – etter å ha vore kringsett av fiendar – var mindre innringa og utstøytt enn på lenge.
Globalt står det om mistru og makt, hat og kjærleik, men først og fremst om geografi. Dersom Russland ikkje kan verna sine svake punkt og mjuke buk, kjem geografien og tar hemn. Det er geopolitisk realisme og eit traumatisk historisk faktum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.