Minneord

Hermund Slaattelid (1932–2025)

Publisert

Hermund Slaattelid voks opp på prestegarden i Davik i ytre Nordfjord. Han vart kalla «Hallesbyguten», fordi Ole Hallesby hadde velsigna han då han vart fødd. Hallesby var på gjesting hos faren, Rasmus Johannes Slaattelid, som var prost i Nordfjord. På den tida var Hallesby ein fram­ståande professor ved Menighetsfakultetet og leiande kraft i Indremisjonen.

Etter artium ved gymnaset på Nordfjordeid og teneste i Tysklandsbrigaden vart det studium i hovudstaden. Slaattelid gjorde ein kort visitt innom veterinærstudiet før han fann sitt eige spor med ein klassisk humanistisk fagkrins ved Universitetet i Oslo: latin, norsk og hovudfag i historie. I 1958 gifta han seg med biletkunstnaren Åsne Nirisrud frå Hjartdal i Telemark. Dei fekk tre barn: Mari, Rasmus og Johannes.

I 1961 vart Slaattelid utnemnd i statsråd til lektor ved Voss landsgymnas (lektorane var framleis embetsmenn). Voss hadde fått det fyrste offentlege landsgymnaset i 1916, det neste kom på Eidsvoll i 1922. Det var slik sett ein kontinuitet med 1814-revolusjonen, men med ei rettkomen forskuving av det ideologiske tyngdepunktet mot vest. Dei borgarlege motstandarane frykta nivåsenking som følgje av landsgymnaset – den frykta vart kortvarig.

Med lågmælt fagleg tyngd vart Slaattelid ein høgt skatta lektor. Sentralt i det pedagogiske virket hans stod latinundervisninga som han etter kvart fekk ansvar for. For han galdt ikkje berre den nitide pugginga av gloser – den var sjølvsagt viktig nok – men framfor alt latinen som kulturell danningsprosess. Til den høyrde dei mange ekspedisjonane latinklassa gjorde tur/retur Voss–Roma med tog, med obligatoriske stopp i Firenze.

Venstrestatens motkulturelle pedagogiske elite, med Christopher Bruun i spissen, såg på den norrøne oldtida som eit nasjonalt alternativ til den antikke oldtida med gresk og latin: norrønlinja som eit alternativ til latinlinja. På Voss hadde dei ikkje eit slikt nasjonalt avkorta perspektiv, men kombinerte den nasjonale, norrøne folkedanninga med ei klassisk europeisk danning: både norrøn- og latinlinje i same hus. I ungdomstida treng ein både «det nære og heimlege» og «det fjerne», slo lektor Slaattelid fast og mobiliserte Hegel til forsvar for Vossa-kombinasjonen: Meisterverka i den klassiske litteraturens «gjev sjela», ifølgje Hegel og Slaattelid, «eit åndeleg bad og ein profan dåp». Men utdanningsbyråkratane ville ikkje lytte til dei to danningsagentane. I 1977 vart latinlinja ved Voss gymnas lagd ned, året etter også norrønlinja.

Etter at Slaattelid slutta som lektor i 1992, førte han det latinske danningsprosjekt sitt vidare på nye arenaer med ei rekkje kritikarroste omsetjingar, med innleiing av Slaattelid sjølv: Cicero, Quintilian, Tacitus. Romersk retorikk (1993), Retorikk og filosofi: Eit brev til Brutus. Samtalar om filosofi (1995) og Aurelius Augustinus, De Doctrina Christiania. Om kristen opplæring (1998). I 2008 fekk han (saman med ein annan vossing, Johannes Gjerdåker) Norsk klassisk forbunds pris, «Årets klassikar». Georg Johannesen, som ikkje var kjend for å rose andre, sa det på sin måte: «Jeg synes Hermund Slaattelid bør belønnes med en egen bompengering.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement