Her luktar det kristenmanns blodArbeidarpartiet vil ha ro og « i arbeid», men ein symbolsk K kan koma på tverke.

Arbeidarpartiet vil ha ro og «trygghet i arbeid», men ein symbolsk K kan koma på tverke.

Partileiar Jonas Gahr Støre då han opna landsstyremøtet i Arbeidarpartiet tidlegare i år.
Partileiar Jonas Gahr Støre då han opna landsstyremøtet i Arbeidarpartiet tidlegare i år.
Publisert

Det hastar for Jonas Gahr Støre å bli statsminister. Han vil rigga betre i den posisjonen enn som opposisjonsførar i fire nye år. Han passar betre til å vera litt opphøgd og resonnerande enn nedgradert til den politiske daglegkverulansen, som han heller ikkje er spesielt god på. Det er ein akilleshæl. Der er Erna Solberg hans likemann, og vel så det.

ARBEIDARPARTILEIAREN er ein framandkulturell innvandrar i sosialdemokratiet; ein personleg, selfmade og ikkje arveleg belasta sosialdemokrat. Skepsisen mot ein mann med hans klassebakgrunn og formue var monaleg i delar av Partiet og fagrørsla, men han har skikka seg vel, bygd tillit og blitt godt integrert. Han er «i bevegelse», som den tjukke programboka hans heiter.

Samstundes sit grunnsosialiseringa frå Ris og danninga frå Paris att, så han er dobbelkulturell. Grannane i den rette åsen ser han som ein utmerkt mann på alle måtar, bortsett frå at han er i feil parti. Dei ville heller hatt han enn den enklare Erna Solberg frå Bergen som statsminister.

JONAS STØRE har valt ein øyrekviskrar, medforfattar og koffertberar som ikkje er ein kopi av han sjølv, og heller ingen partikanin eller praktikant frå First House. Jonas Bals har ikkje gått den strake partivegen gjennom AUF og samla tillitsverv. Politisk bakgrunn i syndikalismen. Faglært målarsvein som sjølvakademiserte seg og blei master i historie. Nå permittert rådgjevar i Fellesforbundet, der han stadig var på jakt etter sosial dumping på arbeidsplassar der gjestearbeidarar bygger landet.

Om Støre har tatt Partiet til høgre eller venstre etter Stoltenberg, kan vel vera begge delar i ein flytande og utydeleg mellomposisjon. Men Jonas & Jonas har samtalt seg fram til eit perspektiv på fag, arbeid, arbeidsorganisering og kvalifikasjonar som minner meir om klassisk sosialdemokrati enn den overflatiske frammaninga av «kunnskapssamfunnet» som står framfor oss som ein løfterik port eller ein trugande mur. Dei vil utvida kunnskapsomgrepet slik at det tar opp i seg meir erfaringskunnskap frå det praktiske arbeidslivet. Dei vil ikkje at framtida skal ligga i totalt fleksible og flytande arbeidstilhøve som endar i prekariatet. Støre tar gjerne det heiderskrona slagordet «trygghet for arbeid og inntekt» i sin munn, men han gjer det ikkje utan å legga til «trygghet i arbeid» – altså ordna og varige kontraktar med tarifflønn. Også for forvirra Frp-arbeidarar og velutdanna grøne og lilla veljarar i andre parti.

TIDLEGARE har Arbeidarpartiet sett koalisjonar som eit nødvendig vonde fordi dei ikkje lenger hadde utsikt til fleirtal aleine, som i velmaktsdagane. Mindretalsregjeringar i evig slalåm, som i Gros tid, freistar heller ikkje. Støre har slutta å snakka stygt om dei små partia, for han meiner dei fangar opp ulike stemmer og gjer den demokratiske styreforma betre og rikare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement