Hent den purpurfarga togaen: Keisar Trump er herPå same måte som i den romerske republikken har maktbalansen i USA stillferdig forvitra.

På same måte som i den romerske republikken har maktbalansen i USA stillferdig forvitra.

Keisar Augustus leidde romarane, òg i strategispelet Civilization 5.
Keisar Augustus leidde romarane, òg i strategispelet Civilization 5.
Publisert

Skogbrannar herjar vingardane. Ein orkan legg eit øysamfunn i ruinar. Ei stor hamn er fløymd over. Samstundes går mektigaste borgaren i republikken kring i hovudstaden og oppfører seg meir og meir lunefullt. Han kranglar med idrettsfolk. Han trugar med å seie opp avtaler. Han gjer seg urimeleg avhengig av familiemedlemar. Han har raserianfall mot staben sin.

I Senatet og i rettslokala vert dei gamle, konstitusjonelle formene framleis haldne ved lag. Men plebeiarane kjenner på at elitane mistar grepet. Korleis kunne det vere annleis? Kvar veke kjem det nye avsløringar om hykleriet til desse elitane. Dei preikar borgarlege dydar; dei vert skulda for seksuell forderving.

Og medan dei kvinnelege filmstjernene noko forseinka rettar skuldingar mot den utsvevande filmprodusenten, held hardt prøvde og slitne legionar fram med krigane i fjerne ørkenar og fjell. I aukande grad undrar soldatane seg over kva dei eigentleg er ute etter i desse avkrokane. Dei høyrer med avsky om kor dårleg behandling dei får, veteranane der heime. Men dei trøystar seg med at det i det minste finst generalar – menn som dei sjølve, røynde av kamp – i maktkorridorane.

Fem dagar i veka, i snitt, forsikrar eg meg sjølv om at alt som har hendt i USA dei siste ti åra, er godt innanfor det som er normal amerikansk historie. Men to dagar i veka fryktar eg for at eg gjennomlever dei aller siste åra til republikken.

Rollelista var særleg romersk for to veker sidan. Tenk på Harvey Weinstein, rovdyret med ei framferd som i mange år har vore ein «open løyndom» blant nett dei hollywoodtypane som førre året så ihuga fordømde Donald Trump for skrytet hans om «grabbing» av kvinner i skrittet.

«Kvinner burde aldri bli snakka om på den måten», erklærte skodespelaren Ben Affleck for eit år sidan, etter offentleggjeringa av Trumps «garderobeprat» med Access Hollywood-verten Billy Bush i 2005. Men Affleck vart ikkje «sint og trist» på grunn av mentoren Weinsteins rulleblad som bølle og kvinneplagar før det var klint utover heile The New Yorker. Dette vart for mykje for Rose McGowan, openbert eitt av Weinsteins mange offer, som bad Affleck om å «f*** off». Etterpå kom andre skodespelarar og hevda at Affleck sjølv hadde «grabbed» dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement