«Hemminga di»
Regjeringa røysta nei til å inkorporere FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne i norsk lov.
Ein av tre med funksjonsnedsetjingar har vorte utsette for trakassering og hatytringar, ifølgje Norges Handicapforbund.
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix
I eit klasserom i Møre og Romsdal får ein heil skuleklasse utdelt dei gamle babylestane mine. Eg har nett byrja på ungdomsskulen, og mor mi har invitert ein føredragshaldar frå eit kompetansesenter for sjeldne diagnosar. Ho skal fortelje om funksjonshemminga mi.
Hemminga mi, tenkjer eg og fniser. Eg høyrest ikkje rett navla ut.
– Tre ein lest over handa de skriv med, og fest med hårstrikken, demonstrerer mor mi. Så byrjar det: Fleire prøver å halde fast papiret på pulten og skrive namnet sitt med feil hand. Éin prøver å klø seg i øyra, før han legg merke til at det er ein lestekledd ball der handa hans skal vere, og glidelåsen er plutseleg ikkje så enkel som han trudde.
– No veit de kanskje litt om korleis Mone har det, seier mor mi.
I 2019 står eg på kjøkenet og viftar indignert med einhandsboksopnaren min. Førre veke stemte nemleg regjeringa nei til å ta FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne inn i lovverket.
– Noreg må innsjå at menneske med funksjonsnedsetjingar ikkje berre skal vere mottakarar av velferdstenester. Dei skal òg ha fulle menneskerettar, uttala komiteen for konvensjonen for menneske med funksjonsnedsetjing (CRPD).
– Eg har ein teori, seier eg.
Husveninna legg hovudet på skakke, og eg skjønar at ho ikkje forstår kva eg står og viftar med, før eg festar opnaren på ein boks med kokosmjølk. Han ser ut som ein mellomting mellom ei saks og ei stiftemaskin.
– Eg trur at litt av grunnen til den høge prosenten på uføretrygd i Noreg er at det er lettare å betale ut trygd enn å leggje til rette for menneske som ikkje fungerer på same måte som andre. Det er diskriminering. Men dersom ein satsa på inkludering og universell utforming, ville det verte lettare for «vanlege folk» òg.
Eg lagar hermeteikn med den «vanlege» handa mi.
For medan Noreg betalte ut 86,3 milliardar i uføretrygd i fjor, står 85.000 menneske med funksjonsnedsetjingar som vil i jobb, utan. Og i 2017 slo Arbeidsinstituttet fast at Noreg kunne spart milliardar på å inkludere menneske med funksjonsnedsetjingar i arbeidslivet. Statistisk sentralbyrå melde òg i år at Noreg har lågare sysselsetjing av menneske med funksjonsnedsetjingar enn andre samanliknbare land.
I høyringa om rettar for menneske med funksjonsnedsetjingar i Genève konkluderte FN med at Noreg er meir oppteke av velferd enn av menneskerettar. Ei tekstmelding som tikka høgt og skingrande inn førre vinter, dukkar opp på netthinna mi.
– Huseigaren nektar å ordne moking til parkeringsplassen, så eg kjem meg ikkje ut, skreiv veninna mi.
Ho sit i rullestol og kan ikkje nytte armar og bein på grunn av bøygde og feilstilte ledd.
– Ein sommar vart eg sitjande inne i 15 dagar fordi huseigaren heller ikkje hadde ordna med heisavtale i bygget, fortel ho. Eg tek meg i å lure på kvifor det at eg kan gå, gjer at eg har fleire rettar enn ho.
Kvifor er barnekonvensjonen sjølvsagd i norsk lov, medan funksjonsevnekonvensjonen ikkje er det, tenkjer eg. Medan eg heller kokosmjølk i woken på kjøkenet og byrjar å skjere brød med noko som ser ut som ei lita sag, tenkjer eg at sjølv om eg fungerer ørlite annleis, er det ikkje eg som sit med hemminga.
Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Noreg må innsjå at menneske med funksjonsnedsetjingar ikkje berre skal vere mottakarar av velferdstenester.
Monthian Buntan, CRPD-komiteen
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.