Helse

Vil trappe opp bemanninga

Det er «betydelig forbedringspotensial» i behandlinga ved sjukeheimane, meiner Helse- og omsorgsdepartementet.

Publisert

Dag og Tid bad om eit intervju med Helse- og om­sorgs­departementet. Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen har svart på e-post.

– Gjennom meir enn 20 år har det kome åtvaringar om at psykofarmaka blir brukte i eit omfang det ikkje er fagleg grunnlag for i eldreomsorga. Ser departementet på denne medisineringa som forsvarleg og akseptabel?

«Det er et betydelig forbedringspotensial for trygg og effektiv legemiddelbehandling i sykehjem og blant eldre. Bruk av psykofarmaka til disse pasientene trenger særlig oppmerksomhet, fordi bivirkningene er spesielt store, atferd og symptomer er vanskelige å tolke og fordi erfaring med alternativ miljøbehandling i mange tilfeller er gode.»

– Om denne typen medisinbruk ikkje er forsvarleg, og når praksisen har vore kjend så lenge, kvifor har det ikkje blitt teke politiske grep for å redusere medisinbruken sterkt?

«Det er innført krav om legemiddelgjennomgang for eldre på sykehjem, både når de legges inn og deretter minst en gang i året. Utover dette skal legemiddelgjennomgang utføres når det er nødvendig av hensyn til forsvarlig behandling. Legen skal i den forbindelse vurdere om det er legemidler pasienten ikke trenger, og dermed kan slutte å ta.»

– Fleire forskarar meiner bruken av psykofarmaka dels kan forklarast med personellmangel. Medikamenta kan gjere pasientar lettare å ha med å gjere, og kan gjere det mogleg å klare kvardagen sjølv om bemanninga er utilstrekkeleg. Er dette i så fall forsvarleg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement