Helse
Tre moglege forklaringar på mysteriet
Etterverknadene etter covid-19 er kanskje ikkje så uvanlege som dei kan verke, meiner Anne Spurkland, som forskar på immunforsvaret vårt.
Grovt sagt er det tre hypotesar om årsaka til dei mange etterverknadene av covid. Den eine er at virusinfeksjonen faktisk ikkje er over, men held fram i ei anna form som ikkje viser att på dei vanlege testane. Den andre hypotesen er at det er snakk om autoimmune reaksjonar, det vil seie at immunforsvaret til kroppen går laus på ulike kroppsdelar eller hemmar kroppsfunksjonar. Og den tredje er at betennelsesreaksjonane til kroppen har gjort skade på det autonome nervesystemet.
– Alle desse scenarioa er plausible, og dei treng ikkje å vere gjensidig utelukkande, seier Anne Spurkland.
Ho er professor i medisin ved Universitetet i Oslo og forskar på immunologi og autoimmune sjukdomar.
Tre spor
– For det første er det mogleg at covidinfeksjonen er meir langvarig for somme enn tidlegare kjent. Forskarar har funne virusmateriale i tarmen på pasientar lenge etter at infeksjonen skulle vere over. Eit anna teikn på vedvarande infeksjon er at somme med lang covid ser ut til å bli betre etter å ha fått vaksine.
Også hypotesen om autoimmune reaksjonar kan ha noko for seg, meiner Spurkland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.