JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Svolten etter normalitet er sterkare enn svolten etter mat

Det var i den tida eg gjekk omkring og svalt i Haugesund. Men i motsetnad til rollefiguren i Knut Hamsuns roman var det ikkje tilgang på mat som var utfordringa. Det var hovudet mitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7497
20201204
7497
20201204

KOMMENTAR

Den same scena utspelte seg kvar veke. Augneblinken eg grudde meg til heile veka lang. Psykologbesøket. Eg gjekk heile morgonen og venta, grudde meg. Ville berre droppe det.

Likevel gjekk eg kvar onsdag til psykologen, og så skulle det skje. Det var av med skoa og bort på vekta. Så skulle ho finne ut om eg hadde vore flink nok å ete den siste veka. Det var like nedverdigande kvar gong. Fram til eg kom til psykologen, hadde eg aldri brydd meg om vekta mi. Etterpå har eg knapt brydd meg om noko anna.

Dette var då eg gjekk på vidaregåande skule. Eg var deprimert, hadde angst og åt nesten ikkje. Problemet med maten var eigentleg berre ein biverknad av depresjonen, men hadde ingenting å seie då. I dag er eteforstyrringa hovudproblemet mitt.

Rømme frå røyndomen

På den tida var det berre éin ting som var viktig for meg, å rømme frå røyndomen. Løysinga blei konsertar. Problemet med det var at eg budde i Haugesund, og konsertane eg ville på, var stort sett i andre byar. Eg reiste og reiste, brukte pengar eg ikkje hadde, på tog og buss. Men eg vart ikkje lukkelegare.

Ulempa med all reisinga var at det ikkje vart tid til å ete. Det kom ikkje eingong i andre rekke. Eg gjekk dagar utan å ete, raste ned i vekt, og framleis var eg ikkje kvitt angsten. Til slutt tok eg kontakt med psykolog. Då eg kom til psykologen, var eg tynn. Veldig tynn. Eg var godt under anoreksigrensa, og det var høgst synleg. Det var ikkje sjokkerande at psykologen ville fokusere på det synlege problemet.

Kvar onsdag prøvde eg å fortelje henne at problema mine var depresjon og angst, men like fullt starta kvar einaste time med det same. Å gå opp på vekta for at ho skulle sjå om eg hadde vore flink nok å ete den siste veka eller ikkje.

Utan unntak fortalde vekta det same, inga forandring. Psykologen gav meg diagnosen anoreksi, sannsynlegvis med rette. Samtidig var det depresjonen og angsten som var den største hemskoen i kvardagen min. At eg ikkje åt, var ikkje eit tema for meg eingong. Men maten var eit problem, anten eg trudde det då eller ei. Samtidig er realiteten at eg, etter timane hos psykologen, har hatt eit meir problematisk forhold til mat enn eg hadde før.

Mat til bry

Sidan den gongen på vidaregåande har eg vore i ein konstant syklus av overeting og undereting. Eg ser meg sjølv i spegelen, ser ned på vekta og hatar meg sjølv. Eg tenkjer tilbake på åra eg kjempa for å komme opp i vekt. Eg vil ikkje tilbake dit, eg vil berre ete normalt, vere normal. Likevel mistar eg fullstendig appetitten og sakte, men sikkert går vekta ned.

Til slutt er eg tynn, ser meg sjølv i spegelen, ser ned på vekta, men hatar meg sjølv likevel. Igjen har eg falle inn i dette vekthelvetet eg veit kor vanskeleg det er å komme seg ut av. Plutseleg må eg kjempe for å få i meg eitt einaste måltid kvar dag. Eg er redd for at dette skal gjenta seg resten av livet.

Ein spiral av undereting kan ta til av ein enkel bagatell. Kanskje nokon kommenterer at eg et lite i lunsjen på jobb. Eller kanskje nokon kommenterer storleiken på T-skjorta mi. Same kor spøkefulle og godlyndte kommentarane er meinte, så set dei seg i ryggmergen, og plutseleg klarar eg ikkje å ete meir.

Store mørketal

Anoreksi og andre eteforstyrringar er mykje vanlegare blant kvinner enn blant menn. Menn og gutar snakkar mykje mindre om problemet, og ifølgje Spiseforstyrrelsesforeningen er det grunn til å tru at det er store mørketal her.

Eg har snakka med Daniel Spjeld, som arbeider i Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS). Han fortel om ein kampanje der menn snakkar om eigne opplevingar og utfordringar med eteforstyrringar. Eg meiner dette er viktig. Eg trur på han når han seier at dei som har etevegring, må vere tolmodige og ha realistiske forventningar. Ein blir ikkje betre over natta, og ofte vil det kjennast ut som det blir verre undervegs.

– Det finst ingen fasit for korleis ein kvittar seg med ei eteforstyrring, fortel han.

Heller ikkje for pårørande finst det ein fasit for korleis ein skal te seg. Eg har ingen problem med å skjønne at dette er vanskeleg. Alle med eteforstyrringar reagerer forskjellig når mat eller sjukdommen blir eit tema. Nokre kan bli trigga av eit lite feiltolka blikk, andre kan ha eit veldig ope og avslappa forhold til det heile. Dette gjer det vanskeleg å føresjå korleis ein skal oppføre seg, og kva ein skal seie.

– Her er god kommunikasjon viktig. Still spørsmål og ver tolmodig; ofte vil dei som slit med eteforstyrring, ikkje alltid klare å setje ord på kva dei treng eller ønskjer. Dette kan opplevast som frustrerande for ein pårørande. Det er lett for ein pårørande å vere for konsentrert om løysingar; ofte er den som lid av eteforstyrringar, berre ute etter nokon som lyttar og prøver å forstå, seier Spjeld.

Sjølv prøver eg å vere open om problema overfor vennane mine. Eg prøver så godt eg kan å fortelje kva ting som kan trigge meg, og kva som er greitt å snakke eller tulle om. Det hender likevel at nokon trår feil, men erfaringa mi er at dess meir eg snakkar om det, og dess tydelegare eg er på kva ting som plagar meg og ikkje, dess lettare blir det for alle partar. Det er vanskeleg, men om ein snakkar saman, kan ein finne ut av det saman.

Må bli betre sjølv

Eg held fram med å kjempe mot dette. I periodar er kampen hardare enn elles, men framleis må eg jamleg minne meg på at det er ein uting å gå eit døgn utan å ete. Dessverre var eg ein av dei mange mennene som lenge ikkje bad om hjelp til å takle eteforstyrringane. Sist eg hadde noka form for behandling, var den gongen for alle dei åra sidan hos psykologen i Haugesund.

Nyleg var eg på treningssenter med ein studiekamerat. Det var ei heilt vanleg treningsøkt, men ho enda heilt feil. Han tenkte ikkje over at kommentaren hans kunne ha sånne ringverknader. Som mange treningsglade er han berre opptatt av kosthald og at det er viktig å ete godt og nok. Det var berre godt meint då han påpeikte at eg måtte ete meir. På grunn av treninga.

Dessverre fungerer ikkje hovudet mitt sånn. Eg hadde ikkje eingong ein bevisst reaksjon. Der og då tok eg det som det var, eit godt råd. Men seinare, ved middagsbordet, sleit eg plutseleg med å ete. Det gjekk greitt nokre bitar, og så sa det stopp. Eg fekk ikkje ned ein bit til. Eg prøvde å tvinge det i meg, visste at det vanlegvis gjekk ned utan problem, men det gjekk ikkje. Først trudde eg det var eit eingongstilfelle, at eg berre var litt dårleg. Men så gjentok det seg. Dag etter dag.

Så vidt eg klarer å sjå, finst det inga naturleg forklaring på at det er sånn. Logisk sett skulle eg ha vore meir enn svolten nok til å ete, likevel blir det berre vanskelegare. Til slutt blir det berre ein vane å ete éin gong i døgnet. Så endå sjeldnare.

Det er ein kamp å komme seg igjen når nedturen først har begynt. Kanskje burde eg ha sett faresignala tidlegare. Uansett er me avhengige av at eteforstyrringar blir snakka om, sjølv blant og med menn. For det skjer med oss òg, og om me skal leggje skam til dei alt omfattande problema eteforstyrringar gir, blir det berre vanskelegare å kjempe mot. Første skritt for å fjerne denne skamma er å snakke om dette problemet.

Thomas Klakegg

Thomas Klakegg er student.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Logisk sett skulle eg ha vore meir enn svolten nok til å ete, likevel blir det berre vanskelegare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Krevjande buksering i tronge norske fjordar; her kjem taubåten til sin rett. Éin taubåt sleper framme, medan to mindre båtar er kopla til sidene i fall dei kjem for nære land. Bakarst er ein fjerde og siste taubåt i standby dersom lekteren treng å bremse opp.

Foto: Svein Egil Økland

ReportasjeFeature

Taubåten – den maritime arbeidsgampen

For somme sjøfolk er livet på ei ferje eller eit cruiseskip ikkje variert eller spanande nok. Då er kan hende løysinga å hoppe over på tug-en – ein jobb der kvar dag er garantert å vere ulik den førre.

William Sem Fure

Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Kven har makt over kven?

Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.

The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis