JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

12922
20240621

Novo Nordisk

Farmasiselskap med hovudkontor utanfor København.

Grunnlagd i 1923.

Over 64.000 tilsette ved 80 avdelingar rundt i verda.

Vart i fjor det mest verdifulle børsnoterte selskapet i Europa.

I nesten 100 år var insulin hovudproduktet.

Dei siste to åra har Wegovy og Ozempic teke av internasjonalt.

Båe midla reduserer matlysta og gjer det lettare å gå ned i vekt.

Helse

peranders@dagogtid.no

Danskane har Lego, Sverige har Ikea, men Equinor er Nordens mest verdifulle selskap – det kunne kompetitive nordmenn trøyste seg med. Men ikkje no lenger. Det danske farmasiselskapet Novo Nordisk er i dag ikkje berre det mest verdifulle selskapet i Norden, men det mest verdifulle i Europa, målt ut frå børsverdien. For tida verdset aksjemarknaden selskapet til svimlande 6600 milliardar kroner.

Gløym Lego, Mærsk og Tuborg, Novo Nordisk er i ein annan divisjon. Selskapet er meir verd enn Tesla, meir verd enn ExxonMobil, meir verd enn Disney, Nike og Starbucks til saman. I fjor hadde Novo Nordisk ei nettoforteneste på 127 milliardar norske kroner, opp 51 prosent frå året før.

Denne ekstreme veksten handlar stort sett om to produkt: Ozempic og Wegovy, to legemiddel som reduserer appetitten og gjer det lettare å gå ned i vekt. Pengestraumen har opphav i ein biverknad.

Legemidla Wegovy og Ozempic reduserer appetitten. Dei to legemidla har blitt gullgruver for Novo Nordisk.

Foto: Hollie Adams / Reuters / NTB

Livberging

Svært få såg denne slankerevolusjonen kome. Gjennom nesten 100 år handla historia til Novo Nordisk om insulin. Soga tok til i 1922, da danske August Krogh, nobelprisvinnar i fysiologi, drog på ein foredragsturne i USA. I løpet av turneen fekk han høyre at canadiske forskarar hadde klart å isolere insulin frå bukspyttkjertelen til hundar. Det var ei potensielt revolusjonerande oppdaging: Diabetes kunne gå frå å vere ein dødeleg sjukdom til noko folk kunne leve lenge med.

Dette hadde òg personlege implikasjonar for Krogh. Kona hans Marie, også ho lege og forskar, hadde sjølv diabetes. Dermed drog August Krogh til Toronto for å møte dei canadiske forskarane bak gjennombrotet, og bad om løyve til å produsere insulin til nordiske pasientar heime i Danmark. Han fekk ja – på eitt vilkår: Inntektene frå insulinproduksjonen skulle ikkje gå til profitt, dei skulle brukast til forskingsføremål.

Insulin i 100 år

Krogh handla raskt. Berre tre månader etter heimkomsten var det første danskproduserte insulinet klart, basert på råstoff frå oksar. Dette vart berginga for Marie Krogh og svært mange andre diabetessjuke, først i Danmark, kort tid etter i dei andre nordiske landa. Slik vart Nordisk Insulinlaboratorium fødd, og dette vart i sin tur opphav til det som i dag er giganten Novo Nordisk.

For å sikre at dei gode intensjonane i avtalen med dei canadiske forskarane vart oppfylte, vart eigarskapen til selskapet organisert som ei ideell stifting med forsking som føremål. På det viset har Novo Nordisk slusa store pengar over i medisinsk grunnforsking. Men etter kvart vart det store vinstar å hente for private investorar òg. Selskapet vart verdsleiande i insulinproduksjon, og inntil nyleg dreidde nesten heile verksemda seg om diabetesbehandling. Slik var det inntil forskaren Lotte Bjerre Knudsen fatta interesse for nokre interessante biverknader.

Biverknad

På 1990-talet jobba Knudsen for Novo Nordisk med å utvikle stoff som kunne stabilisere blodsukkernivåa til diabetespasientar. Andre forskarar hadde oppdaga at eit hormon kalla GLP-1 auka insulinproduksjonen og senka blodsukkernivået. Men i tillegg påverkar hormonet hjernen og reduserer svoltkjensla. Alt dette var medisinsk interessant. Problemet var at GLP-1 blir brote ned raskt i kroppen. Knudsen leita etter stoff som kunne herme effekten, men var meir stabile og gav meir langvarig effekt. Etter år med strev fann ho fram til stoffa liraglutid og semaglutid.

Lotte Bjerre Knudsen såg tidleg at forskinga hennar kunne ha potensial ut over diabetesbehandling. Studiane hennar synte at injeksjon av desse stoffa førte til at forsøkspersonar kunne gå mykje ned i vekt. Ho foreslo sjølv at Novo Nordisk kunne nytte dette til å utvikle legemiddel mot overvekt, men leiinga var uinteressert. Diabetesbehandling og medisinproduksjon var det selskapet dreiv med. Og overvekt er jo ikkje ein sjukdom. Eller er det kanskje det likevel? Det skal vi kome attende til.

Fedmeepidemi

Utover 2000-talet byrja leiarane i Novo Nordisk å sjå potensialet som låg i arbeidet til Knudsen. Dei få legemidla som fanst for å behandle fedme, var lite effektive og hadde store biverknader. Den einaste verkeleg effektive medisinske behandlinga som fanst, var såkalla slankeoperasjonar, det vil seie kirurgi for å redusere magesekken. Men det er snakk om store og kostbare inngrep, og ikkje utan risiko.

I tillegg auka behovet for ei effektiv behandling mot fedme år for år, for folk vart stadig tyngre, og for mange gjekk vektauken på helsa laus. Dei siste 40 åra har overvekt blitt mykje vanlegare i nesten alle land, og somme snakkar om ein fedmeepidemi.

Global overvekt

Vi må skilje mellom ulike gradar av overvekt. Om kroppsmasseindeksen (KMI) er over 25, er det rekna som overvekt. (Det tilsvarer til dømes at ein 180 cm høg person veg over 81 kilo.) Dersom KMI er over 30, er det rekna som fedme, som har større konsekvensar for helsa. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen har no over ein milliard menneske fedme – det vil seie kvar åttande verdsborgar. Frekvensen av fedme blant vaksne i verda er dobla sidan 1990 og firedobla blant tenåringar.

Den store vektauken viste seg først i USA på slutten av 70-talet, og er no eit globalt fenomen. USA er framleis i tet: 42 prosent av alle vaksne amerikanarar har no fedme, medan berre 13 prosent hadde det for 40 år sidan. Frå Noreg finst det ikkje oppdaterte data for heile landet, men utviklinga har ikkje vore ulik den i USA. Vi har berre ikkje kome like langt enno. Ifølgje Folkehelseinstituttet har truleg over halve den vaksne befolkninga i Noreg i dag overvekt eller fedme.

Gjennombrot

Det første legemiddelet som kom ut av forskinga til Lotte Bjerre Knudsen, var Victoza, med liraglutid som verkestoff. Victoza vart godkjent for bruk mot diabetes i 2009 og mot fedme i 2014, og var rekna som ein suksess for selskapet. Men det var ikkje før lanseringa av medisinane Ozempic og Wegovy at ting verkeleg tok av for Novo Nordisk.

Ozempic kom på marknaden i 2018 som ein rein diabetesmedisin, medan Wegovy vart lansert som eit middel mot fedme. Båe medikamenta har semaglutid som verkestoff, skilnaden er at Ozempic gjev ein større dose. I praksis har det vist seg at Ozempic òg blir brukt av pasientar som ikkje har diabetes, men berre vil gå ned i vekt. Dermed er marknaden for båe medisinane kolossal.

Også i Noreg har fleire tusen pasientar fått Ozempic sjølv om dei ikkje har diabetes type 2, skreiv Aftenposten i februar. I fjor brukte staten nesten 1,4 milliardar kroner på Ozempic, meir enn på nokon annan medisin. Kring ein fjerdedel av dei 64.000 nordmennene som fekk stoffet på blå resept i fjor, hadde ikkje ein diabetes-diagnose.

Elon Musk har sagt at Wegovy hjelpte han med å gå ned i vekt.

Svimlande

Å selje medisin mot overvekt er ein draumesituasjon for farmasiselskapa. Det er ikkje mykje profitt i medisinar som raskt og effektivt kurerer sjukdom. Den store lønsemda ligg i medikament mot kroniske tilstandar, til dømes blodtrykksmedisin og diabetesmedisin, som folk ofte går på livet ut. Og Ozempic og Wegovy har ikkje varig effekt på appetitten. Så snart folk sluttar å bruke medisinane, byrjar kiloa å legge seg kring buken att.

Om medisinar som desse blir standardvalet for både dei med fedme og dei med moderat overvekt, er potensialet svimlande. Naturleg nok har Novo Nordisk fått konkurranse. Eli Lilly, det einaste farmasiselskapet som er meir verd enn Novo Nordisk, lanserte i fjor medisinen Zepbound, som fungerer på liknande vis som Wegovy. Dette er eit vilt kappløp der alle dei store selskapa prøver å få sin del av kaka.

Kor lenge Novo Nordisk kan halde på tetposisjonen, er uvisst. Men tida med superprofitt er avgrensa. Selskapet har alt redusert prisane på Wegovy på grunn av konkurransen frå det billegare Zepbound.

Kjendisar

Farmasiselskapa får òg draghjelp av dei såkalla sosiale media, der millionar av menneske deler erfaringar med Ozempic, Wegovy og Zepbound. Dette har blitt eit kulturelt fenomen, og kjendisar gjer sitt: Elon Musk har sagt at Wegovy hjelpte han med å gå ned i vekt. Oprah Winfrey, Robbie Williams og Whoopi Goldberg fortel at dei nyttar diabetesmedisin til same føremål.

Somme har samanlikna dei nye medikamenta med p-pillen, eit medikament som endra samfunn og kultur på måtar som er vanskelege å overskode. I USA har supermarknadskjeda Walmart registrert ein nedgang i matinnkjøpa det siste året, og dette blir tolka som eit utslag av at dei nye legemidla har redusert appetitten. I fjor rekna finansanalytikarar frå Jeffries Bank på kor mykje pengar flyselskapa kunne spare i drivstoff om desse legemidla senkar gjennomsnittsvekta til passasjerane.

Slike kuriøse oppslag fortel truleg mest om den enorme hypen kring desse stoffa. Men hypen er ikkje berre hype. Desse medikamenta kan faktisk endre samfunnet vårt.

Eit års forbruk av Wegovy i Noreg kostar 36.000 kroner.

Er overvekt sjukdom?

Kor mykje? Det kjem dels an på kjernespørsmålet som vi var innom i stad: Er det rett å sjå på fedme og overvekt som sjukdom? Om svaret er ja, inneber det eit langt større marknadspotensial for desse medisinane, for det aukar sjansen for at folk kan få dei på blå resept eller via helseforsikringar. I dag er dette svært kostbare stoff. Eit års forbruk av Wegovy i Noreg kostar 36.000 kroner, men nesten ingen får medisinen dekt av det offentlege: Nytten står ikkje i høve til kostnaden, meiner Legemiddelverket. Dette må folk betale sjølv. I USA er listeprisen på medisinen heile 170.000 i året, og senator Bernie Sanders har kalla inn Novo Nordisk-sjefen til høyring i Kongressen for å få ei forklaring.

Men kva om farmasiselskapa kan dokumentere at desse stoffa reduserer faren monaleg for sjukdom som er assosierte med fedme, som diabetes og hjarte- og karsjukdom? Da kan det vere enda større pengar å hente, for det kan få statane til å bla opp for blå resept. I august i fjor la Novo Nordisk fram ein studie som tydde på at medisinen reduserte risikoen for hjarte- og karsjukdom blant overvektige med 20 prosent. Aksjekursen skaut i vêret. På ein dag vart Novo Nordisk 620 milliardar norske kroner meir verd.

Samfunnssjuke

Her er òg nokre meir fundamentale spørsmål i sving. Mennesket som art er ikkje endra dei siste tiåra. Når så mange fleire enn før blir overvektige, må det vere endringar i levemåten som ligg bak. Forskinga har ikkje sikre svar på kvifor folk er tjukkare enn før, men dei hovudmistenkte kjenner vi: stillesitjande liv, kjappe karbohydrat og ultraprosessert mat.

Men om det er samfunna som er sjuke, er det vel berre symptoma ein behandlar med sprøytene til Novo Nordisk? Truleg klarer mange å halde vekta nede med stoff som Wegovy. Men ultraprosessert mat blir ikkje sunn om vi et mindre av han. Og om folk erstattar trening med sprøyter for å halde vekta nede, går dei glipp av andre vinstar av fysisk aktivitet.

Oppsida

På andre sida: Tiår med kosthaldsråd, slanketips, vektklubbar og moralske peikefingrar har ikkje hindra at verdsbefolkninga blir stadig tyngre, og med fedme følgjer ei rekkje ulike helseplager. Om medisinar som Wegovy faktisk gjev millionar av menneske betre helse, og om biverknadene ikkje er verre enn dei som er kjende no (som kvalme og forstopping), er det ikkje så gale?

Med dagens prisar er desse legemidla uansett utanfor rekkjevidd for mange. Dette kan i seg sjølv forsterke dei fordomane som alt er knytte til fedme. Men konkurranse kjem til å drive ned prisane, og patent på legemiddel går ut på dato ein dag. På sikt blir slik medisin truleg tilgjengeleg for dei aller fleste.

«Ja, dei fleste kan gå ned i vekt. Dei kan ete sunt.»

Anna Libak i Weekendavisen

Meiningsfullt

Leiinga i Novo Nordisk meiner naturleg nok at Wegovy og Ozempic gjer verda til ein betre stad. Toppsjef Lars Fruergaard Jørgensen vart kåra til «Person of the year» av Financial Times i fjor. I eit intervju med avisa snakka han om medisinane mot overvekt som «ein av dei mest meiningsfulle medisinske intervensjonane» ein kan gjere –  ikkje berre overfor individuelle pasientar, men som eit bidrag til helsevesenet ved å førebygge fedme og dei kroniske plagene som ofte følgjer med.

Men ikkje alle er overtydde. Og livsstilsmoralismen er ikkje død, heller ikkje i Danmark. Nyleg tok Anna Libak for seg slankemedisinane på leiarplass i Weekendavisen: «Eit samfunn er ikkje sunt om det er lagt opp til at næringsmiddelindustrien gjer folk sjuke, medan farmasøytisk industri kurerer dei», skreiv Libak, og konkluderte: «Lat bodskapen gjalle over heile landet: Ja, dei fleste kan gå ned i vekt. Dei kan ete sunt.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis