Stor motstand blant helsepersonell
– Vi motarbeidar ikkje lova, men ressursane er knappe, seier leiar i Norsk barnekirurgisk forening.
Bakgrunn
Rituell omskjering
av gutar:
n Regjeringa har rekna med 2000 årlege rituelle omskjeringar.
n Hovudgruppene er jødar, muslimar og enkelte kristne grupper med opphav i Afrika.
n Føre veka kom rapporten «En godt bevart statshemmelighet? Evaluering av lov om rituell omskjæring av gutter» av Ada I. Engebretsen, Monica Five Aarset og Nora Stene frå OsloMet.

christiane@dagogtid.no
Motarbeidar norsk helsepersonell ei lov som er vedteken av Stortinget? Forskarane bak ei evaluering av Lov om rituell omskjæring av gutter går ikkje så langt, men meiner motstanden blant helsepersonell medverkar til å svekkje tilgangen på eit offentleg tilbod.
Dag og Tid spør leiaren i Norsk barnekirurgisk forening Audun Mikkelsen kor vanleg det er å ikkje ville utføre inngrepet av samvitsgrunnar.
– Det er nok ganske utbreitt. Inngrepet vert klassifisert som inngrep som ikkje er medisinsk indiserte. Mange meiner at vi ikkje skal operere friske born. Det er eit godt argument som skal liggje til grunn for handsaminga av alle pasientar. Sjølv om risikoen er liten, er det risiko ved all kirurgi. Mange reagerer på at born vert utsette for det.
Står ansvarleg
– Forskarane bak ei evaluering rår regjeringa til å utgreie konsekvensane av samvitsregelen, som dei meiner har vorte oppfatta som ein reservasjonsrett. Kva meiner du om å fjerne samvitsregelen?
– Det er eit godt spørsmål, men ingen kan påleggje ein kirurg å operere ein pasient, dersom det strir mot vurderinga hans eller hennar. Kvar kirurg står ansvarleg for det han gjer, og om noko går gale, står kirurgen til ansvar. Då må han kunne seie at dette strir mot all fornuft.
– Det er jo ingen reservasjonsrett her?
– Nei, men ein gjer ei vurdering av den enkelte pasienten. Kvar kirurg står sterkt om han meiner at inngrepet ikkje er rett. Det handlar om ei medisinsk vurdering. Så har ein høve til å vise pasienten til ein annen kirurg for ei ny vurdering.
– Lova vart til for å sikre eit forsvarleg tilbod. Kan de gjere meir for å medverke til det?
– Det meiner eg vi har gjort. Tilbodet er der. Eit tidlegare forslag om at borna ikkje ville verte opererte før dei er 14–16 år og kan samtykke til inngrepet, meiner eg ville gjort det lettare tilgjengeleg.
– Har foreldre eit reelt tilbod når tilbodet fleire stader ikkje vert gjeve til born under tre år, og ein må reise frå Nord-Noreg til Gjøvik for å få det utført?
– Det er realiteten i Noreg. Vi må kunne vere edruelege og ta konsekvensane av kvar vi bur. Til dømes mottek vi pasientar frå heile landet til Rikshospitalet. Alle tilbod finst ikkje i alle delar av landet vårt.
Smertefritt
– Det er ulikt syn på bedøving av born som vert omskorne. I private klinikkar vert dei omskorne med lokalbedøving, medan enkelte sjukehus berre gjev tilbod om inngrep under narkose og då for born over tre år. Korleis kan ulike sjukehus ha så ulik praksis?
– På sjukehuset har det vorte gjort ei medisinsk vurdering av at borna skal leggjast inn og ha full narkose, som ved andre inngrep. Det er udiskutabelt. Vi seier mellom anna at dei ikkje skal ha smerter undervegs.
– Inngrepa vert utførte uansett, anten privat, der ein ikkje har den same kontrollen, eller der de meiner at smertelindringa ikkje er god nok. Er det ikkje då eit paradoks at ikkje fleire legar vil utføre inngrepet på sjukehusa?
– Dette argumentet har vore diskutert lenge. Vi har kollegaer som er for og mot. Det er eit inngrep som ikkje er medisinsk naudsynt, og som ikkje kan forskyve andre pasientar i den offentlege helsetenesta. Sjølv om dette er eit inngrep som vert gjort av enkelte i heimlandet, kan vi ikkje la dei få fortrinn på sjukehusa.
– Motarbeider de lova?
– Nei, vi har skjønt at ho har kome frå høgste hald, og at det er lova eit betre tilbod i det offentlege. Vi motarbeider ikkje lova, men ressursane er alt knappe. På enkelte sjukehus og avdelingar kjem dette inngrepet, som ikkje er medisinsk indisert, på toppen av ei lang venteliste.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Mange seier at vi ikkje skal operere friske born, og det er eit godt argument.
Audun Mikkelsen, leiar i Norsk barnekirurgisk forening
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.