JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Sprikjande tal

Helsedirektoratet sit ikkje på sikre tal på kor mange som får varig endra lukte- og smakssans etter covid.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2633
20220107
2633
20220107

christiane@dagogtid.no

Dag og Tid har i e-post informert Helsedirektoratet om kritikken luktekspert Johan Lundström og lukt- og smaksekspert Preet Bano Singh rettar mot den norske helsetenesta. Båe meiner at pasientar med svekt og endra lukte- og smakssans får eit altfor dårleg tilbod.

Dag og Tid har også stilt ein del spørsmål om behandlinga pasientane får. Helsedirektoratet har ikkje kommentert kritikken, men sendt skriftlege svar frå fungerande avdelingsdirektør Bjørnar Andreassen.

– Kvifor rår ikkje norske helsestyresmakter pasientar med luktproblem etter covid-19-sjukdom til å starte lukttrening, slik svenske helsestyresmakter gjer på nettsida 177.se?

– Ifylgje fagmiljø vi har vore i kontakt med, byrjar lukttrening å verte ein etablert disiplin innan øyre-nase-hals-medisin.

– Kvifor har ikkje norske helseføretak etablert luktmottak slik dei har i Sverige?

– I alle helseregionar er det etablert regionale klinikkar for seinfylgje etter koronasjukdom. Desse klinikkane skal gje ei tverrfagleg utgreiing av pasientar med komplekse og langvarige symptom etter akuttforløp med covid-19-infeksjon. Men det er ikkje etablert eigne luktmottak i Noreg.

– Kva tilbod får norske pasientar som etter fleire veker og månader ikkje har fått luktesansen attende?

– Det skal gjerast ei kartlegging av lukt ved hjelp av såkalla «sniffing sticks», og etter det skal det gjevast råd om lukttrening.

– Manglar det norske helsevesenet personell med kompetanse på lukt- og smakssans?

– Tap av luktesans er ein kjend seinverknad av koronasjukdom, og vi går ut frå at alle dei regionale klinikkane for seinfylgjer har kjennskap til korleis ein kartlegg dette. Kartlegginga og testinga skal gjerast av til dømes sjukepleiarar eller fysio- eller ergoterapeutar.

– Kor mange reknar de med at kan bli ramma av kortvarig og/eller langvarig redusert luktesans som følgje av covid-19-sjukdom?

– I ei oppsummering av mange internasjonale symptomstudiar ser ein stor variasjon i kor stor del av pasientane i kvar studie som seier at dei har vedvarande lukte- og smaksproblem. Til dømes varierer det i studiane om vedvarande smaksproblematikk mellom 0 prosent og 33,3 prosent, medan i dei studiane der pasientane rapporterte om luktforstyrringar, varierte det mellom 1,6 prosent og 50 prosent av deltakarane. Ein norsk studie med 672 personar som svarte på eit spørjeskjema, syner at 14 prosent sa dei hadde smaks- og luktforstyrringar tre–åtte månader etter å ha testa positivt på covid-19.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis