Helse
Smittevern for mafiaen
Få land i Europa har vore verre råka av pandemien enn Italia. På eit tidspunkt såg det ut som den eldgamle italienske pesten, mafiaen, også skulle få spreie seg fritt igjen.
No er er dei fleste mafiamedlemene trygt attende i fengsla.
Foto: Massimo Percossi / AP / NTB scanpix
Då Italia tidlegare i vår var i koronakrigstilstand, hende det noko anna minst like utenkeleg. Ut or landets fengsel kom dei køyrande – berykta mafiabossar på veg heim til sine kjære. Via rettslege kjenningar skulle dei få sone i husarrest. Årsaka var at dei var i risikogruppa og kunne bli smitta i fengselet.
Til saman 376 mafiosi var sende heim. Blant desse var det fleire bossar med lange drapsdommar. Som Francesco Bonura frå den kjende Cosa Nostra-mafiaen. Han var i si tid ein av Toto «Beistet» Riinas mest lojale medarbeidarar. Då viruset kom, hadde han sona 14 år i eit av dei strengaste høgsikringsfengsla i Italia. Den 21. april blei han send heim til Palermo og bustaden i ein fjong bygard. Roma-avisa La Repubblicas utsende tok i mai turen dit for å treffe naboane til Bonura. Dei fleste journalisten får i tale, seier dei har ingenting imot han: «Han er absolutt ein respektabel mann.»
Då nyhenda eksploderte, var det langt frå alle som syntest dette var greitt. Ein av kritikarane var den kjende Napoli-advokaten Antonello Ardituro. Han har i mange år etterforska det berykta Camorra-nettverket.
– Absolutt heile systemet har feila i denne saka, sa han.
Møter rivalar
Til La Repubblica fortalde han at han var redd dette ville føre til at folk byrjar å tvile på statens kamp mot mafiaen. Det var urettvist overfor alle mafiaetterforskarane som dagleg risikerer livet i arbeidet. Ardituro var også redd fleire av bossane kunne kome til å flykte. Politiet hadde ikkje ressursar til å dekke dei ekstrakostnadane overvaking av desse superkriminelle kravde. Ein alt ekstrem arbeidssituasjon på grunn av covid-19 blei dermed langt vanskelegare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.