JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Sjukare i fengsel

Kvinnelege innsette har stadig dårlegare helse, trass i at kvinner i befolkninga elles er friskare enn før, syner ny forsking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei dyne og eit papirark med orda «Mer midler til Bredtveit» hang ut av eit cellevindauge då dronning Sonja kom på julevisitt til Bredtveit fengsel i 2019. Framleis treng kvinnefengsla meir pengar.

Foto: Heiko Junge / NTB

12884
20240315

Forsking på helsa til innsette

WOMPRIS-studien undersøkjer levekår, dødelegheit og helsetilstand (særleg rusvanar og psykiatriske lidingar) hjå kvinnelege innsette.

I studien koplar forskarane registerdata frå Det norske fengselsregisteret med helsedata frå Norsk pasientregister (NPR), og sosioøkonomiske data frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Forskingsgruppa er knytt til PriSUD-prosjektet ved Senter for rus- og avhengighetsforskning (Seraf) ved UiO, eit tverrfagleg forskingsprosjekt som undersøkjer levekåra til innsette i Noreg og Norden.

Kvinnelege innsette kjem ut som soningstaparar, skreiv Dag og Tid førre veke, frå innsida av murane på Bredtveit kvinnefengsel.

Innsette har rett på dei same helsetenestene som alle andre. Som i samfunnet elles er det jobben til kommunane og helseføretaka å syte for at dei innsette får det dei har krav på. Undersøkingar dei siste åra frå ulike offentlege organ, som Sivilombodet og Likestillings- og diskrimineringsombodet, syner at helsetilbodet til kvinnene ikkje er godt nok.

* Helsetenestene i fengsla er i liten grad tilpassa kvinnespesifikke helseutfordringar. Til dømes har det ofte vore vanskeleg å sikre at dei innsette har kvinneleg fastlege i fengselet.

* Kvinner har oftare opplevd overgrep og har fleire psykiske plager, men behovet for hjelp vert ikkje dekt.

* Utagering vert oftare sett på som merksemdssøkjande åtferd av dei tilsette.

* Kvinner sonar oftare under strengare restriksjonar.

* Dei risikerer oftare isolasjon eller belteseng enn menn, trass i at Sivilombodet i mange år har understreka skadeverknadene av slike tiltak, og at inngrepa ofte vert eit hinder for at dei innsette får helsehjelpa dei treng.

Kor dårleg står det eigentleg til med helsa til kvinnelege innsette? Det har forskarar ved Universitetet i Oslo undersøkt. Ein av dei er Vegard Gjerden Svendsen, som tek doktorgrad på emnet.

Psykisk sjuke

I ein artikkel frå 2023 undersøkte Svendsen med kollegaer førekomsten av psykiatriske diagnosar blant kvinnelege innsette i perioden 2010 til 2019.

Dei fann at psykiatriske diagnosar og ruslidingar var høgare blant kvinner enn blant menn. Men òg at andelen kvinner som alt hadde ein psykiatrisk diagnose då soninga tok til, har auka dei siste 10–15 åra.

Funna stadfestar at kvinnelege innsette er ei stadig sjukare gruppe, utan at det finst haldepunkt for at fenomenet kjem av ein generell auke i psykisk sjukdom i folket elles.

Det er vanskeleg å gje noko eintydig svar på årsaka til utviklinga, seier Svendsen. Til det er årsaksbiletet for komplekst.

– Ein grunn kan vere at innsette med psykisk sjukdom i mindre grad er aktuelle for andre soningsregime, som til dømes med fotlenkje. Dermed må dei sjukaste sone innanfor murane, noko som har ytterlegare negativ påverknad på den mentale helsa.

Vegard Gjerden Svendsen, forskar ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Døyr tidleg

Denne våren er Svendsen aktuell med ein ny artikkel i tungvektartidsskriftet International Journal of Epidemiology.

Kvinnelege innsette toppar altså statistikken, både for fysisk og psykisk sjukdom. Forskarane ville vite korleis det hang saman med generell dødelegheit og risiko for tidleg død i den same gruppa.

Eit tydeleg funn var at kvinnelege innsette langt oftare får alvorlege kroniske sjukdommar, hiv- og hepatitt-infeksjonar, psykiatriske lidingar og rusproblematikk enn kvinner elles, og dei døyr tidlegare av dei same sjukdomane. Dei fann òg at sjølvmordsraten er høgare.

I tillegg, og kanskje mest slåande, fann forskarane at dødelegheita i befolkninga har gått ned mellom år 2000 og 2019. For kvinnelege innsette, derimot, er trenden motsett.

Nytt årsaksbilete

Rusrelaterte dødsfall var lenge den vanlegaste dødsårsaka blant kvinnelege innsette, men utover 2010-talet gjekk talet ned.

Utover 2000-talet vart opiat-erstattarar som buprenorfin (Subutex, Subuxone) og metadon utbreidde som rusbehandlingstilbod i helsetenesta, via legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Dette, kombinert med målretta overdosereduserande tiltak i fengsla, er ei mogleg årsak til nedgangen.

Forskarane forventa difor at dødelegheita for kvinnelege innsette totalt sett hadde gått ned. Dei fann overraskande at dødelegheita heldt seg vedvarande høg. Men alvorlege ikkje-smittsame sjukdommar, såkalla NCD (hjarte- og karsjukdommar, kreft, diabetes, kols), inkludert alkoholrelaterte sjukdommar, hadde teke over som hovudårsaka. Også dette i kontrast til at dødelegheita for dei same sjukdommane hadde gått ned elles i samfunnet.

Konklusjonen: Kvinnelege innsette står i stor fare for å døy tidleg av sjukdommar som kvinner elles i samfunnet kan leve med.

Om dødelegheita for kvinner i fengsel er høgare enn for menn, er det ikkje enkelt å seie noko om, seier Svendsen. Studiar dei seinare åra har vore sprikande på det punktet.

– Det vi ser, er at kvinner i fengsel har vel så høg risiko for sjølvmord og overdosedødsfall. Det er kategoriar som, utanfor murane, oftast vert toppa av menn.

«Med dei rette verkemidla kan opphald i kriminalomsorga stake ut ein ny kurs for marginaliserte menneske.»

Vegard Gjerden Svendsen, forskar ved UiO.

Ringverknader

Sett under eitt fortel dei to studiane ei historie om kvinnene som hamnar i fengsel i Noreg: Når soninga tek til, er mange av kvinnene alt prega av store utfordringar. Når kvinnene vert lauslatne, dei fleste etter korte dommar, har dei langt kortare forventa levetid samanlikna med kvinner elles i befolkninga. Dette reiser ei rekkje spørsmål, seier Svendsen.

– Gjeve den psykiske tilstanden deira, skulle dei ha sona i fengsel i det heile? Vart dei dårlegare eller friskare av å vere i fengsel? Kva kunne fengsla ha gjort for å redusere graden av psykiske og fysiske helseproblem under soninga, slik at forventa levealder ikkje vart korta ned?

Potensialet for betre førebygging og behandling i fengsla er stort, meiner han.

– I fengsel får mange ein pause frå eit liv som elles er prega av rus, vald, utryggleik og fattigdom. Med dei rette verkemidla kan opphald i kriminalomsorga stake ut ein ny kurs for marginaliserte menneske, gjennom helsehjelp, programverksemd eller utdanning.

Slike individuelle behov stiller krav til korleis soningstilbodet er organisert, og korleis fengsla samhandlar med helsetenestene, seier Svendsen. Han understrekar at tala dei legg fram, berre dannar grunnlaget for ein større og heilt nødvendig diskusjon om levekår og soningstilhøve for kvinnelege innsette. Forskarane tilrår særleg at den psykiatriske og psykologiske behandlingskapasiteten, i tillegg til kompetansen hjå dei tilsette, vert styrkt. Men dette krev ressursar, kompetanse og, ikkje minst, politisk vilje.

– Det har vi kanskje ikkje i dag, i alle fall ikkje i kvinnefengsla.

Heilskapleg løft

Ei styrking av dei kommunale fengselshelsetenestene lèt til å vere på trappene. I løpet av våren legg Helsedirektoratet fram ein ny rettleiar til Forskrift om kommunale helse- og omsorgstenester for innsette i fengsel, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Føremålet er å sikre forsvarlege og likeverdige helsetenester for innsette, og ifølgje direktoratet sjølv «gjøre det lovpålagte ansvar for den kommunale helse- og omsorgstjenesten tydeligere».

Stig Herman Nygård, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet

Ifølgje seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Stig Herman Nygård, vil rettleiinga ha eit eige kapittel om helsesituasjonen for kvinnelege innsette.

– Vi veit, og har visst lenge, at helsetilbodet til kvinnelege innsette treng merksemd. Særleg ser vi at dei treng ei grundigare helsekartlegging når dei kjem inn i fengselet, både når det gjeld fysiske og psykiske plager, traume og andre negative livsopplevingar, seier han.

Nygård fortel at direktoratet særleg har peikt på ansvaret kommunane har for å spele på tilgjengelege ressursar elles i helsetenesta, dersom fengsla manglar ressursar eller behovet til innsette tilseier det. Til dømes kan dette gjelde mangel på kvinneleg lege i fengselet.

Pengane

Utkastet til rettleiaren var på høyring i fjor. Frå kommunalt hald vart det påpeikt at tilpassingane utkastet la opp til, ikkje ville vere moglege utan samtidige innstrammingar i andre delar av helsetenesta. Staten må vere budd på å ta den økonomiske konsekvensen av styrkinga, meinte dei, i tillegg til å avgjere korleis tenestene skal prioriterast.

Det finst 39 kommunar med fengsel som har ansvar for å gje innsette helse- og omsorgstenester. Som kompensasjon for auka kostnader kan kommunane søkje om tilskot frå Helsedirektoratet. Helse- og omsorgsdepartementet gav difor direktoratet i oppdrag å vurdere ein eigen sats for kvinner i tilskotet til kommunane, slik at helse- og omsorgstenestene i kommunar med kvinnefengsel kan styrke innsatsen for betre helseoppfølging. Forslaget er no sendt over til departementet. Utover det må kommunane bere kostnadsauken sjølve.

Strukturelle hinder

Eit løft i helsetenesta åleine er likevel ikkje nok, meiner Nygård. Også strukturen rundt helsetenestene i fengsla må verte betre. Det er ei oppgåve for kriminalomsorga.

– Dei brukarerfaringane vi har samla inn, tyder på at dei innsette, særleg på høgt tryggleiksnivå, i mindre grad kan ta ei aktiv rolle i helsesituasjonen sin. Det betyr at det er vanskeleg for helse- og omsorgstenestene å få til brukarverknad slik helsetenesta gjer elles i samfunnet.

Helsedirektoratet vil i åra som kjem, styrke dei kommunale helse- og omsorgstenestene med kompetanse, og bygge nettverk for kvinnehelse i helse- og omsorgstenestene, seier han.

Digitalisering, oppussing og kvinnestrategi

Då Sivilombodet var på tilsyn i Bredtveit fengsel i mars i fjor, fekk fengselet mellom anna kritikk for bruken av såkalla samtalelappar som einaste kommunikasjonsmiddel mellom dei innsette og helsetenesta. Vart ein samtalelapp borte, vart det ikkje alltid fanga opp. Men undersøkingane synte òg at timeavtaler i spesialisthelsetenesta kunne gå tapt ved at behandlingsreiser ut av fengselet vart avlyste som følgje av låg bemanning. I tillegg risikerte innsette som måtte flyttast, å få behandlinga i spesialisthelsetenesta avbroten eller forseinka, fordi helsetenesta i den nye sjukehuskretsen vurderte retten til helsetenester annleis enn den førre tenesta.

Desse funna har kriminalomsorga teke konsekvensane av, ifølgje Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør i avdeling for førebygging, tilbakeføring og tryggleik i Kriminalomsorgsdirektoratet. Dei er samde i at fengselshelsetenestene, særleg for dei kvinnelege innsette, treng eit løft.

Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør i avdeling for førbygging, tilbakeføring og tryggleiki Kriminalomsorgsdirektoratet. Foto: KDI

Trygve Indrelid

På e-brev til Dag og Tid fortel ho at kriminalomsorga har utvikla ei digital sjølvbeteningsløysing for innsette slik at dei kan ta kontakt direkte med helsetenesta. Ordninga er under utprøving i Agder fengsel, og vil på sikt verte tilgjengeleg for alle fengsla i landet.

– Kriminalomsorga har også dei siste åra pussa opp helseavdelingar ved fleire fengsel, slik at helsetenestene har gode arbeidsvilkår når dei gir helsehjelp til innsette. Ved overføring til andre fengsel eller lauslating er det dei ordinære helsetenestene som må sørgja for vidareformidling av pasientinformasjon som er teiepliktig, og som kriminalomsorga ikkje har tilgang til. Kriminalomsorga samarbeider med ulike tenester i fengsla og vertskommunen for best mogleg å sikre gode lauslatingsprosessar.

– Kva tenkjer KDI om at kvinnelege innsette vert ei stadig sjukare gruppe?

– Studiar viser at kvinnelege innsette har større omfang av psykiske lidingar og rusproblem enn mannlege innsette. Kriminalomsorga har difor laga ein plan for å sikre likeverdige soningsvilkår for kvinner.

– Kva må til for at fengselshelsetenestene skal få eit løft, slik de ser det?

– Utgangspunktet er ansvarsfordelinga mellom kriminalomsorga og helsetenesta. Helsetenesta har ansvar for helsetilbodet til dei innsette, medan kriminalomsorga har ansvar for å leggja til rette for dette, blant anna ved å stilla eigna lokale til disposisjon for helsetenesta. Kriminalomsorga har over noko tid registrert ei veksande vanhelse, særleg blant kvinnelege innsette, både psykisk og kroppsleg. Nokre av dei er så sjuke at kriminalomsorga ikkje kan leggja til rette straffegjennomføringa for dei for å møta behova deira. For å styrkja tilbodet til denne gruppa må tilskotet til vertskommunane til fengsla styrkjast, det same må samarbeidet med spesialisttenesta.

– Kvifor trur de kvinnelege innsette vert stadig sjukare, og kva konsekvensar har det for organiseringa av helsetenestene i kriminalomsorga?

– Ei av årsakene til vanhelsa blant kvinnelege innsette kan vere at det er ein større del av kvinner samanlikna med menn som gjennomfører straffa i samfunnet, utanfor murane. Lidingstrykket blant kvinnene som gjennomfører straffa i fengsel, blir difor relativt større. Kriminalomsorga tilrår at helsetilbodet til kvinnelege innsette blir styrkt for å møta det at dei har særskilde behov og er ekstra sårbare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis