Helse
Prisen for eit leveår
Koronakrisa får tydeleg fram dei vonde vala eit offentleg helsevesen må leve med: Kor mykje pengar er det rett å bruke på å berge eit menneske?
Koronaepidemien har snudd opp ned på kvardagen ved norske sjukehus. Mange andre typar behandling blir sett på vent, og også dette har ein helsekostnad, påpeikar Ivar Sønbø Kristiansen. Biletet er frå Oslo universitetssjukehus.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Det heiter seg at verdien av eit menneskeliv ikkje kan målast i pengar, og for dei fleste kling det truleg rett. Men dette er ein moral med modifikasjonar: I ei verd med avgrensa ressursar er det alltid grenser for kor mykje ein kan bruke i kampen mot sjukdom og død. No er store delar av det norske samfunnet stengde ned for å stagge spreiinga av koronaviruset. Ingen veit kor lenge dette vil vare, men kostnadene blir formidable. Og somme kritiske røyster hevdar at vinstane i form av sparte liv neppe kan forsvare dei økonomiske tapa.
Ein som meiner at kostnadene mest truleg blir for høge, er Ivar Sønbø Kristiansen, professor emeritus i helseøkonomi ved Universitetet i Oslo. I eit innlegg i Dagens Næringsliv tysdag la han fram eit grovt overslag over mogleg kostnad og vinst ved tiltaka mot epidemien. Han tek utgangspunkt i ein dødsrate på om lag 1 prosent av dei smitta, og i reknestykket hans hindrar tiltaka 11.000 koronadødsfall og bergar 121.000 leveår i Noreg. Kristiansen set verdien av eit godt leveår til 1,25 millionar kroner, og vinsten av dei unngåtte koronadødsfalla blir 152 milliardar kroner. Opp mot dette set han kostnaden av 200.000 tapte årsverk, talfesta til 220 milliardar ut frå SSB-tal. I tillegg kjem tap av helse og leveår på grunn av redusert aktivitet elles i helsetenesta, som han gjev ein verdi på 50 milliardar.
Overfor Dag og Tid understrekar Kristiansen sjølv at overslaga er usikre. Særleg er det uvisst kor stor effekt tiltaka får på smittespreiinga, og kor stor og langvarig arbeidsløysa blir. Det er òg vanskeleg å seie kor mange arbeidsplassar som går tapt på grunn av norske koronatiltak, og kor mange som forsvinn på grunn av nedgang i verdsøkonomien.
– Men så vidt eg kan forstå, er det sannsynleg at kostnaden av tiltaka blir høgare – kanskje mykje høgare – enn nytten, målt som unngåtte dødsfall og berga leveår.
Kroneverdi
Her skal vi ikkje drøfte kor godt funderte overslaga til Kristiansen er. Og vi skal late koronaepidemien liggje litt. For sjølve tilnærminga hans – å setje ein kroneverdi på tapte eller berga leveår – har vekt mange sterke reaksjonar. Sjølv meiner han dette prinsippet er heilt naudsynt i helsepolitikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.