Helse
Meter under press
Enkelte ser ut til å tru at regelen om å halde minst éin meter avstand til andre personar vert avskaffa dersom sola skin og humøret er godt. Det kan Folkehelseinstituttet avkrefte.
Uteserveringa er i gang, og enkelte har alt teke sommarferie. Det kan verte utfordrande å hugse regelen om å halde avstand.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Ein høyrer nye historier heile tida. Om folk som må presse seg ut av buss og T-bane fordi nye folk skal på. Om strender der menneske ligg tett, og glade restaurantgjester som klemmer vennene sine. Kva skjedde med respekten for regelen om å halde éin meter avstand – minst – til andre enn dei nærmaste?
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) har nærmast blitt Facebook-poet under koronakrisa, og eg lyt sitere: «Vi har ingen behandling/ vi har ingen vaksine/ men vi har en meter.»
– Fagdirektør i Folkehelseinstituttet (FHI) Frode Forland, ser du teikn til at folk er i ferd med å gløyme einmetersregelen?
– Meteren er gjenstand for ein viss diskusjon. Det var to meter for ei stund sidan. Andre stader er regelen 1,8 eller 1,5 meter. I Noreg har vi sagt éin meter, som er lett å hugse. Her er det snakk om dropesmitte. Under normale omstende fell om lag 90 prosent av dropane innanfor ein meter. Meterregelen reduserer ikkje risikoen for smitte med 100 prosent, men han er eit av dei viktigaste tiltaka vi har. Grunnen er at folk kan ha smitte utan å vite om det. Når folk er sjuke med hoste, skjønar vi at dropane kan gå lenger enn ein meter.
– Folk i krinsen min fortel om proppfulle strender og stader der det er nær sagt umogleg å halde avstand. Kva for meldingar får de om slike situasjonar?
– Vi får slike meldingar frå folk som er bekymra, særleg folk i risikogrupper. Eg ser sjølv ute i samfunnet at ein del ikkje er så opptekne av å halde regelen. Det vil vere eit informasjonsbehov framover. Dette er noko vi vil måtte leve med lenge, til vi har ein vaksine – eller ein situasjon som er stabilisert med omsyn til den risikoen koronaviruset bringar med seg i samfunnet. Vi må minne kvarandre på at vi må ta vare på kvarandre. Det er ikkje primært oss sjølve vi skal tryggje. Å halde avstand er ei solidaritetshandling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.